Hordalandsaktørar tar fatt på nytt Thüringen-samarbeid

To Hordalandsaktørar fekk i november 2009 grønt lys for å sette i gang prosjekter med utanlandske partnarar med finansiering frå fylkeskommunen sine RUP-midlar. Signe Greve-Isdahl, fylkeskontakt i Hordaland for Vest-Norges Brusselkontor, har intervjuet Thore Thomassen og Lars Tveit frå Hordaland Fylkeskommune. Thomassen og Tveit har lang erfaring med internasjonalt arbeid, og det er dei som er kreftene bak denne banebrytande bruken av Hordaland sitt regionale utviklingsprogram. (Artikkelen fortsetter under bildet).

I motsetnad til å vere eit ”alminneleg” EU-program samarbeid, har prosjektaktørane kvar fått midlar frå eigen kant til å arbeide internasjonalt. Dei tyske aktørane fått midlar frå Thüringens ERDF-fond, mens de norske partane har søkt på våre RUP-midlar.

SGI: Kva er ”Thüringen-fondet” og kor kjem finansieringa frå?

TT: For å forklare korleis Thüringen-fondet fungerar, må vi gå litt tilbake i tid. I 2007 søkte regionen Thüringen ved LED (Utviklingsselskapet i Thüringen) til EU om ein rammeløyving til regional utvikling. Dette var i samanheng med at alle convergence regionane i EU hadde mulegheit til å søkje anten om midlar til bestemte prosjekt, eller om midlar til å skape sitt eiget fond. Ved å danne eigne fond, har dei større mulegheit til å fordele midlane sjølv. Thüringen var ein av dei få som søkte, og fekk, midlar til å danne fond. Fondet består hovudsakleg av pengar frå EU, men også nokon nasjonale midlar er tilført. Totalt har dei omkring 28 millionar euro disponibelt til regionale, transnasjonale prosjekt mellom 2007-2013.

SGI: Kva er det som skil Thüringen-fondane ifrå interregionale EU-program?

LT: Sjølv om fondet skal gå til transnasjonale prosjekt, støttar dei berre partnaren i Thüringen. Dei andre partnarane må få finansiering frå eigne myndigheiter. For å finne fram til innovative prosjekt som vil føre til positiv regional utvikling, har dessutan Thüringen definert tema basert på interesse og satsingsområde i regionen. Dei har avgrensa samarbeidet til 14 regionar i ulike land som dei meiner har liknande behov og satsingar. ”Vestlandet” i Noreg er ei av dei 14. Ein annan viktig skilnad er sjølve promoteringa og leitinga etter samarbeidspartnarar. Den er svært målretta og selektiv.

SGI: Korleis ble ”Vestlandet” i Noreg valt som ein av dei regionane Thüringen ønskja å samarbeide med?

TT: Som nemnt valte Thüringen regionar ut ifrå felles interesse og behov, men også ut ifrå kven dei allereie visste at dei jobba godt saman med. Europakontoret har hatt eit tett og godt samarbeid med Thüringen sida nitti-talet, og eg kan nemne EU-programmet ENABLE som eit av dei siste vellukka samarbeidsprosjekta med Thüringen.

SGI: Fortel litt om dei to prosjekta i Hordaland. Kva kjem ut av dei?

TT: Det eine prosjektet er eit samarbeid mellom universitet i Thüringen (Technische Universitat Ilmenau), Melbourne universitetet (Australia), og Institutt for Fysikk og Teknologi ved UIB. Saman med Michelsensenteret, arbeider UIB med eit innovativt prosjekt som handlar om miniatyrisering av nanoteknologi og skal samarbeide om utviklinga av ein ny sensorteknologi til bruk i olje og gass, samt fiskeri og miljøovervakning.

Det andre prosjektet er basert på eit samarbeid mellom høgskulen Stord/Haugesund og GME (Grieg Music Education) i Bergen. Prosjektet går ut på å tilpasse musikkfaget til den nye interaktive og nettbaserte kvardagen som utdanningsmyndigheitene legg opp til ved digitale læremidlar og LMS. Høgskulen og GME skal utvikle nye pedagogiske verktøy til bruk i musikkundervisninga i samarbeid med Thüringen og ein region i Frankrike.

SGI: Kva er nytt med å jobbe på denne måten?

TT: Det som er spannande er at vi har funne ein måte å bruke RUP-midlar til internasjonale samarbeidsprosjekt og dermed bruke internasjonale prosjekt til regional utvikling på ein ny måte, utanom dei store EU-programma eller bilaterale avtaler. Denne måten å jobbe på er også mye meir målretta mot behov enn ofte andre prosjekt blir. Ved store EU-program leiter man gjerne etter prosjekt, og så tilpassar sine behov etter kva som krevjast. Her er det gjort nøye overveiingar fyst, og så er regionar og tema valt selektivt. (Artikkelen fortsetter under bildet).

SGI: Kva er din og Lars sin rolle oppi dette?

TT: Som nemnt har vi samarbeidet mye med Thüringen som region, og vi har vert svært involvert i dette sida starten. Vi har vore pådrivarar og organisatorar for dette samarbeidet. Da dei to representantane frå LED (Thüringen) kom i april 2009 for å promotere Thüringen-fondet, var det oss dei kontakta for å arrangerte møtet med alle dei relevante aktørane i Hordaland. I tillegg fungerar vi som sekretariat for alle internasjonale RUP-søknader i Hordaland, så det var vi som valte ut og godkjende dei prosjekta som nå skal setjast i gang. Vi er dessutan i diskusjonar med våre representantar i Thüringen nå i forbindelse med promoteringa av den andre delen av Thüringen-fonda; ESF-fondet.

SGI: Trur du dette opnar for nye muligheiter for aktørar innan innovasjon og nytenking i Hordaland?

LT: Vi forventar absolutt ein større interesse blant norske aktørar på grunn av at det nå blir kjent at man kan søke på regionale midlar (RUP) til å vere med på internasjonale prosjekt. Søknadsprosedyren er mykje enklare enn ved EU-program, og det er lettare for dei fleste å førehalde seg til regionale myndigheiter enn EU-kommisjonen, naturleg nok.