HELSE: Partnarsøk til to ulike prosjekt innan eldreomsorg

To svenske kommunar leitar no etter organisasjonar i andre regionar i Europa dei kan samarbeide med i to ulike Leonardo da Vinci-prosjekt innanfor eldreomsorg. Det eine prosjektet handlar om korleis ein kan involvere frivillige i arbeidet med å sosialisere eldre menneske og det andre er eit mobilitetsprosjekt der tilsette i helsesektoren kan lære frå kvarandre sine regionar.

Prosjekt 1:Karlstad kommune i Sverige søkjer etter andre organisasjonar som ynskjer å delta i eit mobilitetsprosjekt innanfor Leonardo da Vinci-programmet. Organisasjonen må vere villig til å ta imot fire personar som arbeidar innanfor helsesektoren i to veker. Målet er å sjå korleis ein heimesjukepleie fungerar i andre kommunar i Europa, og på sikt kunne arbeide meir innovativt og innarbeide nye rutinar i sin eigen kommune. Interessentar bør kontakte Karlstad kommune så snart som råd og seinast innan 15. september i år. For meir informasjon, sjå her.

Prosjekt 2:
Vänersborg kommune i Sverige søkjer etter andre i Europa som er interessert i å delta i eit to-årig prosjekt med oppstart i 2012. Prosjektet vil fokusere på demografiske endringar og aldring av populasjonen. det er viktig at eldre deltek i sosiale samanhengar og i kulturlivet, noko som krev inkluderande lokalsamfunn og meir involvering frå innbyggjarane. Målet med prosjektet er å utvikle retningslinjer for m.a. korleis ein kan rekruttere frivillige til å jobbe med eldreomsorg og samarbeid mellom frivillig og kvalifisert arbeidskraft med fokus på viktigheita av at profesjonelle ikkje vert erstatta av frivillige. Dei som er interessert i prosjektet må ta kontakt innan 30. september. For meir informasjon om prosjektet, sjå her.

Dersom det skulle bli aktuelt med eit samarbeid, er det fint om Vest-Norges Brusselkontor vert orientert om dette.