Forslag om felles skattebase i EU.

16. mars la Europakommisjonen fram eit forslag om å utvikle eit felles system for utrekning av skattegrunnlaget for verksemder som opererar i fleire EU-land (CCCTB – Common Consolidated Corporate Tax Base). Målet med forslaget er å redusere den administrative byrden ved at kvart land har sitt system for å rekne ut skattbart overskot. Medlemslanda vil framleis sjølve kunne avgjere kva skattenivå dei skal operere med, men kvart selskap treng berre å ha med eitt land å gjere og levere eitt felles dokument. Skatteinntektene vil deretter bli delt mellom dei landa der verksemda er aktiv etter ein spesielt utvikla formel. Dette vil gjere det mykje lettare og billegare for selskap å drive verksemd også utanfor sin heimemarknad. Det er positivt både for verksemdene og for Europa si globale konkurransekraft, ifølgje Europakommisjonen.

Dei kompliserte reglane ein har i dag gjer at det er veldig dyrt for store verksemder, og nesten umogeleg for mindre verksemder å drive verksemd i andre EU-land. For verksemdene vil det vere valfritt om dei ynskjer å nytte seg av det nye systemet. CCCTB er ein del av Kommisjonen sitt arbeid for å stimulere til vekst og å skape nye arbeidsplassar.

Det er likevel ikkje alle som er einige i at CCCTB vil ha ein positiv innverknad på konkurransekrafta i Europa. Irland meinar heile forslaget er eit steg på vegen mot felles skattenivå. I samband med dei økonomiske redningspakkane har det vorte gjort framlegg om at mottakarlanda må gå med på å endre skattesystemet sitt. Irland meinar at sjølv om dei har ein selskapsskatt på 12,5 % er det effektive selskapsskattenivået lågare enn t.d. det ein finn i Frankrike, sjølv om ein i Frankrike opererar med ein selskapsskatt på 34 %, m.a. på grunn av rause frådrag. Irane kritiserte òg forslaget for at det ikkje inkluderar verksemdene sine immaterielle eigedelar i utrekningane, som t.d. immaterielle rettar og merkeverdiar som dei fleste irske teknologiselskapa hentar inntektene sine frå. Med bakgrunn i dette meinar irane at det nye skattesystemet òg er utdatert før det har vorte teke i bruk.

Også partiet European Conservatives and Reformists Group (ECR) er negative til forslaget og fryktar at CCCTB er det første steget mot eit felles skattenivå i Europa, som igjen vil vere øydeleggjande for konkurransekrafta. ECR meinar at det å ha konkurrerande skattenivå i Europa gjer Europa meir konkurransedyktige også i eit globalt perspektiv. BusinessEurope derimot, paraplyorganisasjonen for europeisk næringsliv som òg NHO er medlem av, meinar at CCCTB vil vere positivt for europeiske verksemder så lenge det ikkje er snakk om eit felles skattenivå. Sjå heile forslaget her.