Fokus på likestilling i Brussel: Kvinner kan like godt ta seg fri i januar og februar.

100-års jubileet for den internasjonale kvinnedagen gjorde at det vart sett fokus på likestilling i EU-hovudstaden førre veke. Europa har framleis mykje ugjort arbeid når det gjeld likestilling mellom kjønna. Menn og kvinner har t.d. ikkje likeløn i Europa, og eigentleg kan kvinner berre ta seg fri dei to fyrste månadane i året ettersom dei ikkje får betalt før vi kjem ut i mars månad. Debatten i Brussel dreiar seg elles mest om kvotering er løysinga på problemet eller ikkje, samstundes som det vert meir og meir fokus på likestilling som ei god økonomisk investering.

Europaparlamentet har 35 % kvinnelege parlamentsmedlemmar, noko som er ganske mykje betre enn elles i europeiske land. Ti av medlemslanda i EU har meir enn 27 % kvinnelege parlamentsmedlemmar, men dei fleste landa har mindre enn 23 %, og i to europeiske land er mindre enn 10 % av parlamentsmedlemmane kvinner.

I privat sektor er tala endå meir nedslåande. Berre 3 % av private selskap i Europa har kvinneleg leiar ifølgje ein likestillingsrapport for Europa som kom ut i fjor. Mangel på finansielle ressursar, ulik fordeling av husarbeid, mangel på sjølvtillit i ein mannsdominert kultur, og kvinner sin hang til å arbeide for frivillige organisasjonar der kulturen er venlegare og meir kjønnsnøytral. Dette er eksempel på problem som vert trekt fram av kvinnelege politikarar som hindringar for kvinner sine profesjonelle aspirasjonar.

Eitt av teikna på at kvinner framleis ligg etter mennene i jobbsamanheng er lønsnivået. For fyrste gong arrangerte EU ”Equal Pay Day ”, eller ”Likelønsdagen”, 5. mars for å markere lønsskilnadane mellom kjønna. EU sin justiskommisær, vise-president Viviane Reding, uttalte i samband med ”Equal Pay Day” at 97 millionar kvinner i Europa har arbeidd sidan 1. januar, men eigentleg berre begynte å få betalt 5. mars. Målet er at denne dagen skal bli ein så kort tradisjon som mogeleg.

Kvotering eller ikkje?

Berre ein av ti styremedlemmar i europeiske toppselskap er kvinner. Talet på kvinnelege leiarar i dei store selskapa er endå lågare. Berre tre prosent av toppleiarane er kvinner. Dette til trass for nylege studiar som syner at kvinnelege leiarar verkar positivt på økonomien.
Noreg vert trekt fram som eksempel i EU på eit land som har forsøkt seg på kvotering, med blanda resultat. Meir enn hundre selskap har endra selskapsform for å unngå lova, og forholda var ikkje lagt tilstrekkeleg til rette for kvinnene på heimebane før lova vart innført meinar European Women’s Lobby, noko som har ført til at det er nokre få kvinner som sit i mange styre, melder EurActiv. Samstundes har ein oppnådd ein kvinneandel på 40 % i styreromma hjå dei 500 største selskapa i landet.

Det er framleis stor usemje i EU når det gjeld kvotering som verkemiddel. Det er likevel ei helling mot at dersom ein har prøvd alt anna, kan kvotering vere ein siste utveg. Det er meir og meir som tyder på at det ikkje skjer endringar utan tvang til trass for at mange land i Europa har prøvd seg med ulike tiltak utan merkbare resultat. Enkelte uttrykkjer likevel bekymring for bruk av kvotering, som den italienske senatoren Emma Bonino. Ho fortel EurActiv at spesielt i land som Italia, der familierelasjonar tel meir enn erfaring, kan ein ved kvotering risikere at ein plasserar kvinner som ein lett kan styre i leiande posisjonar, i staden for å velje kvinner som har dei kvalitetane som er naudsynt for å gjere ein god jobb.

Bonino meinar at å sørgje for kvinneleg deltaking i politikken er utilstrekkeleg så lenge menn dominerar i leiande posisjonar. Kvinner i Italia har nesten eineansvar for oppgåver i heimen. For at kvinner i Italia skal kunne fokusere på karrieren sin, er ein avhengig av å utvikle tenester på dette området. Fridommen europeiske kvinner har til å satse på karriere i dag er ofte avhengig av utanlandske heimehjelper. Det er viktig å hugse på at også desse kvinnene er ein del av likestillingsstatistikken. Elles meinar Bonino at italienske media har eit stort ansvar når det gjeld endring av kulturen ved måten dei framstiller italienske kvinner på. Vanlegvis vert kvinner i italienske media framstilt veldig stereotypisk, i særs tradisjonelle kvinneroller, medan kvinner som gjer karriere og bidreg til den økonomiske veksten i landet vert gløymte. Det er stor trong for endring når det gjeld likestilling i Italia, kvinner som demonstrerar i gatene i Italia så seint som i februar er eit klart teikn på dette.

Arbeids- og sosialministrar i EU stilte seg 7. mars bak ein fornya avtale om likestilling med mål om å auke kvinner si deltaking på arenaer der viktige avgjerder vert tekne. Dei avstod likevel frå å bruke kvotering som verkemiddel i EU.
Ifølgje Eurostat, EU sitt svar på Statistisk sentralbyrå, tenar kvinner i gjennomsnitt ein femtedel mindre enn menn i same stilling. Det er høgare arbeidsløyse blant kvinner. Færre kvinner har leiarstillingar både i næringslivet og i politikken. T.d. er det berre tre land i EU som har kvinneleg regjeringsleiar. Desse er Angela Merkel (Tyskland), Mari Kiviniemi (Finland) og Iveta Radičová (Slovakia).
Med bakgrunn i denne statistikken føreslo EU-kommisær Viviane Reding i juli å innføre kjønnskvotering på EU-nivå for å auke kvinneandelen. Forslaget vart derimot ikkje støtta av EU-ministrane. Kommisær Reding lanserte 1. mars eit initiativ for at verksemder i EU frivilleg skal auke talet på kvinner i styret. Målet er å gå frå 12 % kvinner i styreromma slik stoda er per i dag, til 30 % i 2015 og 40 % i 2020. Reding seier at ho vil gje sjølvregulering ein siste sjanse. Dersom målet vert nådd vil Reding gratulere verksemdene i Europa. Dersom ikkje, kan ein stole på hennar kreativitet når det kjem til reguleringar, uttalar Reding til EurActiv.

Likestilling er positivt for økonomien.

Likestillingsdebatten dreiar seg ikkje lenger berre om like rettar for kjønna, men meir og meir om dei sosiale og økonomiske føremonene med likestilling. Mark Smith, førsteamanuensis ved Grenoble Ecole de Management i Frankrike og medlem av Europakommisjonen si ekspertgruppe innan likestilling og arbeid (EGGE), meinar at likestilling burde bli sett på som ei investering, og ikkje ein kostnad. Han meinar at sjølv om mange europeisk land arbeidar for at fleire kvinner skal delta i arbeidslivet, vert det gjort fordi det vert sett på som det rette å gjere, og ikkje fordi det er bra for økonomien. I mange land er det ein klar samanheng mellom eit høgt bruttonasjonalprodukt per innbyggjar og høg kvinnedeltaking i arbeidslivet. Sjølv om det er brei aksept for at likestilling er eit viktig sosialt mål, er det altfor lite fokus på det sterke bevismaterialet som syner at land og verksemder som investerar i likestilling òg skårar høgare på fleire økonomiske indikatorar.

I EU er 59 % av dei som har teke høgare utdanning kvinner. Desse tala syner ikkje att i arbeidslivet. Desse høgt kvalifiserte kvinnene representerar eit uutnytta potensial for økonomien i Europa. Europa vil ikkje kunne konkurrere på ein global marknad utan å nytte seg av all høgt kvalifisert arbeidskraft, inkludert kvinner. Mange studiar har òg kome fram til at det er ein samanheng mellom kvinneleg leiarskap og positive resultat og innovasjon i verksemder.

Norsk støtte til likestillingsprosjekt.

Noreg, saman med dei andre EØS-landa, vil i perioden 2009-2014 stille minst 50 millionar Euro til rådigheit for prosjekt som omhandlar likestilling i dei 15 mottakarlanda. Det er særleg tiltak som fremmar eit familievenleg arbeidsliv, samt prosjekt som arbeidar mot menneskehandel og diskriminering og vald mot kvinner som vil få støtte. Les meir om dette på www.eeagrants.org.