Europol advarar mot innlemming av Bulgaria og Romania i Schengen-området

Europaparlamentet vedtok nyleg at Bulgaria og Romania kvalifiserar for fullt medlemsskap i Schengen-avtalen med 487 mot 77 stemmer. Saken skal tilhandsaming i Det Europeiske Råd der medlemsstatane må ta den endelege avgjerda. Europakommisjonen har uttalt at sjølv om begge landa oppfyller dei tekniske kriteria for å bli medlemmar, manglar ein framleis tillit til om landa har evne og vilje til å oppfylle alle relevante forpliktingar. 

Europol advarar no òg mot at innlemming av Bulgaria og Romania i Schengen-avtalen vil føre til meir ulovleg innvandring via Tyrkia og Svartehavet. Særleg mtp. at regionen har hatt ein stor auke i menneske- og narkotikasmugling dei siste åra. I Romania har ein slått meir ned på korrupte grensekontrollørar for å syne at ein har kapasiteten som trengst for å sikre Schengen si ytre grense. Men berre førre veke vart kona til ein diplomat frå Kongo teken med meir enn 18 000 sigarettar gøymt i bilen.

EU-ministrane har no utsett avgjerda til etter sommarferien medan dei ventar på fleire framsteg i kampen mot korrupsjon og organisert kriminalitet i dei to landa.