EU-/EØS-informasjon retta mot kommunesektoren.

EØS-avtalen har stor innverknad på både kommunar og fylke i Noreg, og informasjonstrongen er aukande. Med bakgrunn i dette har europaportalen.no lansert ei eiga side for kommunesektoren, samt ein eigen underfunksjon i EØS-notatbasen for kommunar og fylke.

For å sikre at direktiv som vert innført gjennom EØS-avtalen vert tolka og handheva korrekt er det avgjerande at informasjon som vil få konsekvensar på regionalt og lokalt nivå vert vidareformidla på ein god måte. Samstundes er det viktig for kommunane å få informasjon tidleg i prosessen slik at dei kan komme med innspel og arbeide for å påverke gjennom sine europeiske interesseorganisasjonar.

På den nye sida på europaportalen.no kan ein òg velje tema slik at ein får opp all relevant informasjon for det fagfeltet ein arbeidar med. Det kan vere alt frå regelverk til informasjon om organisasjonar ein kan bli medlem i. Sida er eit resultat av Stortingsmelding nummer 23 ”Om gjennomføring av europapolitikken” og er framleis under utarbeiding.

Under "Fylker og kommuner" i EØS-notatbasen vert kommande lovendringar med vesentleg innverknad på desse områda lagt ut. Det er Kommunal- og regionaldepartementet, Utanriksdepartementet og Departementenes servicesenter (DSS) som har samarbeidd om å tilpasse EØS-notatbasen for kommunal sektor. Denne funksjonen har vore operativ sidan 1. oktober 2010 og ligg på europaportalen sin EØS-notatbase under ”Fylker og kommuner”. Det er berre direktiv frå etter denne datoen som vil vere tilgjengeleg her ettersom tidlegare lov- og regelverk allereie er innført. Les meir her.  Sjå sidene her og her.