Enklare tverrnasjonale offentlege anbodsrundar.

Helse Vest er pilot i EU-prosjektet som har ei målsetjing om auka handel og betre anbodsrundar for offentleg innkjøp frå andre land. Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) leiar prosjektet, og har eit ynskje om at det skal bli like enkelt som å sende ein e-post.

Helse Vest trur at dei gjennom PEPPOL-prosjektet (Pan-European Public Procurement Online) skal motta fleire tilbod og oppnå betre prisar. Samstundes kan verksemder få fleire kundar. Særskilt for mindre verksemder kan det vere vanskeleg å svare på eit anbod i utlandet. Med PEPPOL freistar ein å fjerne handelshindringar og auke handelen på tvers av nasjonalgrensene.

Helse Vest er den fyrste offentlege verksemda i Europa til å teste PEPPOL-systemet med verkelege data. Prosjektet ynskjer seg derimot fleire pilotar (http://www.peppol.eu/), då dei vil ha flest mogeleg transaksjonar mellom flest mogelege aktørar. Les meir her