Eitt opphaldsløyve for EU

Forslaget om å innføre eitt opphaldsløyve for EU-området må gjelde også for land utanfor EU, meinar Civil Liberties Committee. ”Å tillate at medlemsland kan skrive ut tilleggsdokument vil undergrave meininga med å ha eitt opphaldsløyve”, seier dei. Forslaget inneber at potensielle innvandrarar som ynskjer å bu og jobbe i eit EU-land kun treng eitt arbeids- og opphaldsløyve. Forslaget vil òg gje personar som kjem frå eit land utanfor EU rettar på linje med EU-borgarar.

Arbeidsinnvandraren eller arbeidsgjevaren vil då kun måtte fylle inn eitt skjema som vil gje eit kombinert arbeids- og opphaldsløyve. Tidsperspektivet for løyvet vil landet som skriv ut løyvet avgjere.  Forslaget freistar å sikre grunnleggjande rettar arbeidsinnvandrarar som t.d. arbeidsforhold, løn, utdanning, skattefordelar, fagforeiningsrettar og sosial velferd.

Lovutkastet seier at personar som er i eit land over lengre tid, flyktningar eller utsendingar frå heimlandet (desse kjem allereie inn under eksisterande EU-reglar), sesongarbeidarar eller spesialarbeidarar ikkje skal komme inn under den nye ordninga.

Forslaget skal stemmast over i Europaparlamentet denne veka, og enkelte har uttrykt bekymring for at forslaget om eitt opphaldsløyve ikkje vil gjelde for alle grupper.  Party of European Socialists (PES) meinar at spesialarbeidarar, sesongarbeidarar og flyktningar må inkluderast i ordninga. Dersom dette ikkje skjer, meinar PES at ordninga vil føre til store forskjellar og sosial dumping. Les meir her og her