CPMR set solidaritet i Europa på plakaten i 2011

På møtet i Caen 11. februar vart CPMR einige om at dei skal fokusere på europeisk solidaritet i 2011. I tillegg til at det skal vere hovudtemaet på det neste møtet i Azorane 3. juni, skal CPMR òg ha eit seminar med det same temaet i siste kvartal i 2011.

Presidenten i CPMR, Jean-Yves Le Drian, meinar at EU si manglande konkurransekraft i ein global setting gjorde folk negative til solidaritet og konkurranse, men at krisa har sett fokus på kor avhengige dei europeiske økonomiane er av kvarandre, og solidaritet har plutseleg igjen vorte ei forutsetjing for å tillate medlemslanda å betre sin eigen situasjon. CPMR ynskjer no å sjå på kva konkrete former europeisk solidaritet vil ta og kva rolle regionane vil få innanfor dette solidaritetssystemet.

Kjelde: www.cpmr.org