Bedankt! Merci!

Våren 2011, frå 1. februar til 15. juli, har eg vore trainee ved Vest-Norges Brusselkontor som held til i Norway House i hjarta av EU-kvartalet i Brussel. Min bakgrunn er innanfor språk, kultur og reiseliv, ein noko uvanleg kombinasjon for dei fleste som reiser til Brussel for ein periode. Her kryr det av statsvitarar og folk som har studert europeisk og internasjonal politikk og handel. Men eg var klar for å lære meir om EU og for å jobbe i eit meir internasjonalt miljø.

 

For internasjonalt er det. Når ein går langs den store – og ein av dei mest kjente rundkøyringane i Europa, med namn Schuman etter grunnleggjaren av EU, er det ingen språk som peikar seg ut som spesielt dominerande om ein ser vekk frå engelsk og fransk med varierande grad av aksent. Her er det islandsk, spansk, ungarsk, italiensk, bulgarsk og portugisisk i skjøn foreining som seg hør og bør i EU sin hovudstad. Nesten kvar veke er det eit land som feirar seg sjølve med gatefestar med musikk og mat frå heimlandet, og Manneken Pis skiftar klesdrakter som andre skiftar språk i Brussel, dvs. ofte. På toppen av det heile skjer dette i eit land som er språkforvirra og delt frå før, med det resultat at Belgia no har verdsrekord i å ikkje ha regjering. Iallfall er det éi av dei sju vanlege regjeringane som manglar.

Som trainee ved Vest-Norges Brusselkontor får ein ta del i det meste av det som skjer i verksemda. Mange delegasjonar kjem til Brussel på besøk frå medlemskommunar heime i regionen. Som trainee er ein med på å planleggje opphaldet for dei som kjem, kontakte føredragshaldarar og leggje til rette for besøk til t.d. Europaparlamentet for å nemne noko. I tillegg får ein bruke mykje tid på å setje seg inn i aktuelle saker i EU. Ein stor del av jobben går ut på å oppdatere nettsidene og skrive nyhendeartiklar som er aktuelle for regionen. For å kunne gjere dette er det viktig å følgje med på alt som skjer i EU, så medieovervaking er noko det går mykje tid til. Det er veldig lærerikt og spennande å lese nyhende og halde seg oppdatert på kva som føregår på EU-nivå, så det har eg hatt stor nytte av.

Ein får også sjansen til å delta på mange spennande seminar og konferansar i Brussel. Nokre gonger går ein for å representere kontoret, nokre gonger for å skrive artiklar frå konferansar som er særskilt interessante for regionen, og eg har gått på seminar for å rapportere heim på oppdrag frå t.d. Hordaland Fylkeskommune. Eg har òg hatt høve til å delta på arrangement med tema eg sjølv har ei spesiell interesse for. For min del har eg vore mest interessert i det som går på digital agenda og innovasjon som begge er tema som står høgt på agendaen i EU.

Europa2020-strategien består av sju flaggskip, og tre av desse kjem inn under det som vert kalla for Smart Growth. Desse er Digital Agenda, Innovation Union og Youth on the Move. Digital Agenda handlar om å skape ein indre digital marknad med fokus på breibandutbygging og tilgang til internett for alle. I tillegg er standardisering og interoperabilitet (elektronisk samhandling) noko som bør løysast på EU-nivå og som EU arbeidar med å utvikle lovgjeving, rammeverk og strategi for. Innovation Union er eit anna flaggskip som kjem inn under Smart Growth. EU ynskjer å endre retning for forsking og utvikling slik at ein fokuserar på dei store utfordringane Europa står ovanfor, som klimaendringar, energi- og ressurseffektivitet, helse og demografiske endringar som aldrande befolkning. I tillegg er det å sørgje for at idear og forsking endar i innovasjon, produkt og kommersialisering av nyvinningane eit viktig element. Det tredje flaggskipet under Smart Growth er Youth on the Move, som går ut på å gjere det lettare for ungdom å studere i utlandet, sørgje for at ungdom står betre rusta i møte med arbeidsmarknaden ved å betre nivået på utdanning i alle ledd og gjere europeiske universitet meir attraktive internasjonalt. Også jobbtrening og det å auke mobiliteten av arbeidskraft over landegrensene i Europa kjem inn under dette flaggskipet.

Eg har hatt eit flott og lærerikt opphald i Brussel med kjekke kollegaer og har fått utvida nettverket mitt. Det er lett å bli kjent med nye menneske i Brussel sidan det er ein by der mange oppheld seg for kortare periodar så mange er i same situasjon. Eg ynskjer å takke Vest-Norges Brusselkontor for at eg fekk høve til å vere her i eit halvt år og for at dei har delt sin kunnskap og gode arbeidsmiljø med meg, og eg ser fram til å nytte meg av all den nye kunnskapen eg har tileigna meg her i framtida. Takk for meg!