Ambisiøse utanriksplanar frå EU

Europakommisjonen la onsdag 25. mai fram ein ny plan som eit svar på den demokratiske utviklinga ein no ser i Aust-Europa og den arabiske verda.

Den nye planstrategien, namngjeven “A New Response to a Changing Neighbourhood”, blei presentert på G8-møtet i Deuville i slutten av mai. EU sin utanrikspolitiske sjef, Catherine Ashton, kunne avsløra at i tillegg til 5,7 milliardar euro som allereie er løyvde for 2011- 2013, vil ein sum på 1,25 milliardar euro bli gjort tilgjengeleg for å følgje opp den nye strategiplanen.
Den nye planen omfattar landa Algerie, Armenia, Azerbaijan, Hviterussland, Egypt, Georgia, Israel, Jordan, Libanon, Libya, Moldova, Marokko, dei okkuperte palestinske områda, Tunisia og Ukraina.

Stefan Füle, EU-kommissær for utviding og eksterne relasjonar, påpeikar i denne samanhengen at den økonomiske støtta som no blir gitt er viktigare enn nokon gong, då det no er store demokratiske prosessar på gong i nabolanda til EU. Det er difor yttarst viktig at EU støttar opp om dette for å byggje nye relasjonar til dessa landa.

Den nye planen har fire klare mål:

• Gi breiare og meir støtte til partnarar som engasjerar seg for å byggje opp eit demokratisk samfunn der retten til å stemme, snakke fritt, etablere konkurrerande politiske parti, kunne få ein upartisk dom av uavhengige dommarar, vere verna frå ansvarleg politi og militære, og elles ha eit ikkje-korrupt samfunn, står som sentrale faktorar.
• Støtte opp om inkluderande økonomisk utvikling, slik at EU-naboar kan handle, investere og utvikle seg på ein uavhengig måte.
• Styrke dei regionale dimensjonane i den europeiske nabopolitikken, slik at samarbeidet innanfor handel, energi, transport og migrasjon blir styrka.
• Finne mekanismar og instrument ein kan bruke for å nå desse måla.

Det er tatt høgde for at dette nabosamarbeidet vil utvikle seg forskjellig ut frå kvart enkelt naboland sine behov, kapasitet og reformmål.

 Vil du lese meir om den nye “naboplanen”, sjå her og her.