Aktiv Ungdom: Kurs og konferansar

 

Aktiv Ungdom tilbyr fleire kurs hausten 2011 for ungdomsarbeidarar som jobbar med internasjonal utveksling. Det skal òg vere ein internasjonal konferanse om jobb og entreprenørskap fro ungdom i Antwerpen i Belgia 18.-20. oktober med søknadsfrist 1. august. Konferansen har fått tittelen ”Bridges to Work” og inviterar unge arbeidssøkjarar, jobbprosjekt, forskarar og representantar som arbeidar med jobbformidling til konferansen for å lære, dele og utvide nettverket sitt. 

Kurs for vidarekomne når det gjeld gruppeutveksling føregår i Frankrike 27. september – 2. oktober med søknadsfrist 19. august.
 
Elles er det kurs i gruppeutveksling for nybyrjarar i Frankrike 16.-20 november, Kurs for å lære å lage kurs for ungdomsarbeidarar i Ungarn 14.-20. november og kurs for EVS sendar- og vertsorganisasjonar i Storbritannia 8.-12. november, alle med søknadsfrist 4. september. 
 
Sjå www.aktivungdom.no for meir informasjon.