Milliondryss frå EU til forsking på fysioterapi og reiselivsleiing

Pengar frå Erasmus+ dryssa over HVL i desse dagar. Hege Handeland og Ove Oklevik skal i kvart sitt prosjekt forske på studentengasjement og rekruttering til to ganske ulike fagfelt. 

© Denne artikkelen er skriven av Vetle-Einar Nordgård Mikkelsen, rådgivar for kommunikasjon ved Høgskulen på Vestlandet, og vart først publisert på Høgskulen si nettside. Artikkelen er publisert her med løyve frå HVL.

– Prosjektet handlom å få fysioterapeutar interesserte i å arbeide med eldre. Det blir ikkje sett på som veldig «sexy» for fysioterapeutar å jobbe med gamle folk, seier førstelektor og fysioterapeut Hege Handeland.

Ho leiar prosjektet EdAge Physio, som er eit samarbeid mellom HVL og Háskoli Íslands i Island, Escola Superior de Saúde do Alcoitãoi Portugal, Hanzehogeschool Groningen i Nederland og Vrije Universiteit Brussel i Belgia. Prosjektet har som mål å skape engasjement og interesse for å jobbe med eldre blant fysioterapeutar og fysioterapistudentar. Dei har fått løyvd 400 000 euro gjennom Erasmus+, oppunder fem millionar norske kroner.

– Dette er eit viktig forskingsområde, spesielt med tanke på eldrebølga. I tillegg kan det vere veldig givande for fysioterapeutar å arbeide med eldre, seier Handeland.

– Vi må skape interesse for dette viktige fagfeltet, legg ho til.

Kartleggingsarbeid

Med seg frå HVL har Handeland kollegaane Joost van Wijchen og Mari Kalland Knapstad. Den neste tida skal dei samarbeide tett med partnarinstitusjonane i Europa og dykke skikkeleg ned i fagfeltet.

– På sikt skal vi involvere studentane, men først må vi få oversikt over fagfeltet, den nyaste forskinga og kva som rører seg i ulike europeiske land, seier Handeland.

Opplegg for studentar

Skal ein få fleire fysioterapeutar inn i geriatrien, altså i arbeid med eldre, må ein skape interesse hos fysioterapistudentane.

– Eg synest det er spennande å arbeide med å få studentar engasjerte i eit fagfelt dei i utgangspunktet ikkje er så opptatte av. Det er sjeldan at studentar søker seg inn på fysioterapi og tenker at dei skal jobbe med eldre, seier Handeland.

– Vi må få til å engasjere dei og skape interesse i undervisinga.

Her skal forskarane prøve ut ulike innfallsvinklar.

– Vi skal etter kvart ha ulike verkstader for studentane og prøve å få dei engasjert i arbeidet, fortel prosjektleiaren.

På sikt skal prosjektet munne ut i undervisingsmodular som studentar skal kunne melde seg opp på.

Framtida til reiselivsnæringa

Ein annan HVL-professor som har grunn til å smila er Ove Oklevik. Han leiar prosjektet The Future of Tourism Education, som òg har fått løyvd 400 000 euro i Erasmus+-midlar.

– Det er eit treårig prosjekt som har oppstart i september, seier Oklevik.

The Future of Tourism Education er eit samarbeid mellom HVL og tre europeiske partnarinstitusjonar: Turku University of Applied Sciences, Finland; Universitetet i Coimbra, Portugal; Erhvervsakademi Sydvest, Danmark.

– Prosjektet møter ei utfordring som er felles for alle. Reiselivsnæringa er i betydeleg vekst overalt, men det er stor mangel på arbeidskraft i næringa, seier Oklevik.

– Samtidig går studenttala for reiselivsleiing ned. Det er ein internasjonal trend.

I tillegg til Oklevik er det tre prosjektdeltakarar frå HVL: førsteamanuensis Gregory Kwiatkowski, førstelektor Helene Maristuen og høgskulelektor John Olav Brekke.

Studieprogram som laboratorium

Gjennom prosjektet skal HVL og partnarinstitusjonane finne fram til måtar å auka studentrekrutteringa til reiselivsutdanningane.

– Vi skal teste ut nye didaktiske og pedagogiske grep på tvers av fire land og på fire nivå: vidaregåande skule, høgskule og etterutdanning, seier Oklevik.

Etter kvart er målet at arbeidet skal danne seg nokre konklusjonar, som igjen vil danne grunnlag for tilrådingar til undervisingsmateriell. Med basis i desse tilrådingane skal prosjektgruppa utvikle eit sett med etter- og vidareutdanningstilbod. I tillegg er det lagt opp til både forsking og publikasjonar gjennom prosjektperioden.

– Reiselivsutdanningane våre fungerer som laboratorium for dette arbeidet, seier prosjektleiaren.

– Vi utviklar nye måtar å undervisa på, som kjem både studentane våre og oss sjølve til gode. Målet er å bli endå betre lærarar.

Du kan lese artikkelen på HVL sine nettsider her.