EU med ny plan for distrikta

Europakommisjonen har lansert ein langsiktig visjon for distriktsområda. Den skal fremje utviklinga av robuste, samankopla og velståande distriktssamfunn.

Gjennomsnittsalderen til innbyggarane i EU sine utkantstrøk er høgare enn i byane, og i det komande tiåret vil det vere endå færre menneske som bur i distrikta. Dette er mellom anna eit resultat av dårlege samband, underutvikla infrastruktur, mangel på karrieremoglegheiter og begrensa tilgang til tenester – som alle bidrar til å gjere bygdene mindre attraktive. Vi kjenner att dei same utfordringane frå vårt eige land, og det kan difor vere interessant å sjå på nokre av tiltaka som vurderast i Europa. EU arbeider for å snu denne trenden gjennom grøn og digital omstilling, og ynskjer betre geografisk fordeling av tenester og arbeidsplassar.

Den nye planen har fire prioriteringar for 2040:

Robuste distriktsområder: Distrikta skal få ei sterkare stemme, betre tilgang til tenester og tilrettelegging for sosial innovasjon. Her vil digitalisering få ei nøkkelrolle.

Tilkopling: Betre transportsamband og tilgang på høghastigheits breiband.

Motstandsdyktige distrikt: Naturressursar må bevarast og landbruket må bli meir miljøvenleg for å motverka klimaendringane, samstundes som ein må trygge gode og varierte utdanningstilbod og jobbmoglegheiter.

Velståande distrikt: Dei økonomiske aktivitetane må bli meir varierte, og ein må auke verdiskapinga i landbruket og bygdeturismen.

EU sin samhøyringspolitikk, felles landbrukspolitikk (CAP) og ulike satsingar under vekststrategien Green Deal, vil vere viktige verktøy for å gjennomføre måla i handlingsplanen. Det vil bli oppretta ein «proofing mechanism» for regionane, som er ei ny tilnærming for å trygge at EU sin politikk også blir vurdert ut i frå eit distriktsperspektiv. Europakommisjonen vil også samarbeide tett med Regionkomiteen (CoR) og distrikta. Kommisjonen skal publisere ei statusoppdatering over utviklingstiltaka for distrikta i 2023, og året etter vil det kome ein rapport som identifiserer dei områda der det er behov for auka stønad og finansiering.

Les meir her.

Foto: Dronebilde frå Liege-provinsen i Belgia. © European Union, 2020.