Aukra har meldt seg inn i VNB
Vi ynskjer Aukra kommune hjarteleg velkommen som nytt medlem i Vest-Norges Brusselkontor (VNB). Vi er veldig glade for å få med fleire kommunar frå Møre og Romsdal og ser fram til å samarbeide med Aukra.
Aukra er ein kystkommune i Romsdal med eit variert næringsliv innan jordbruk, fiske og verkstadmiljø. Kommunen er særleg kjend som vertskapskommune for prosessanlegget Nyhamna, som tar imot gass frå petroleumsfelta Ormen Lange og Aasta Hansteen. Anlegget spelar ei sentral rolle i europeisk energiforsyning, og sørgjer for gassleveransar til mellom anna Storbritannia og andre land i Europa.
«Bakgrunnen for innmeldinga er erfaringar frå ein studietur til Brussel våren 2025 i regi av KS, der Aukra vart kjend med VNB», seier ordførar Helge Kjøll jr. Kommunen peikar særleg på verdien av at Vest-Noreg har eit eige Brusselkontor som formidlar aktuell kunnskap om EU/EØS-saker med betydning for kommunen, som synleggjer regionen som samarbeidspartnar i Europa og identifiserer relevante EU/EØS-program og prosjekt.
«Det viktigaste med eit medlemskap i foreininga er kanskje det å støtte opp om arbeidet. Det er medlemane som gjer at det er mogleg å ha eit kontor i Brussel med særskilt fokus på Vest-Noreg», seier ordførar Helge Kjøll jr.
Som vertskommune for Nyhamna, ser Aukra behov for å vere tett tilknytt det som skjer i Europa. «Ei innmelding i Foreningen VNB vil gje Aukra kommune tilgang på informasjon og kunnskap, og eit godt og nyttig nettverk. Vi meiner og at vi som vertskommune for ilandføringsanlegget Nyhamna kan ha nytte å vere knytta opp mot viktig informasjon rundt trygg og sikker energitilførsel til Europa, dette ikkje minst i lys av den sikkerheitspolitiske situasjonen», uttalar ordføraren.
Med Aukra på laget står VNB enno sterkare i arbeidet med å løfte fram lokale og regionale interesser i Europa, og vi gler oss til samarbeidet!



European Union, 2025