Vil du bli vår neste studentpraktikant?
Vest-Noregs Brusselkontor (VNB) søker ein studentpraktikant for vårsemesteret 2027. Vi søker ein fleksibel og serviceorientert person som har interesse for – og noko kunnskap om – EU og EØS.
Vest-Norges Brusselkontor er eitt av seks norske regionkontor i Brussel. Sidan 2003 har kontoret fungert som eit bindeledd mellom regionale aktørar i Vest-Norge og andre regionar i Europa. Dette gjer vi ved å formidle informasjon om det som skjer i EU/EØS, ved å synleggjere regionen som samarbeidspartnar, og ved å identifisere aktuelle program og prosjektmidlar som kan vere relevant for vestlandsregionen.
Om praktikantordninga
Som studentpraktikant blir du ein del av den daglege drifta ved kontoret og får relevant arbeidserfaring frå EU-hovudstaden.
Praktikantordninga er open for studentar med relevant studiebakgrunn, eksempelvis frå statsvitskap, samanliknande politikk, journalistikk, administrasjon og leiing, juss eller samfunnsøkonomi. Ettersom ordninga er ulønna, er det eit krav om at opphaldet inngår som ein del av studieløpet og at du får studiepoeng for å vere i praksis. Dette for at ein skal kunne motta Erasmus+ mobilitetsstipend i tillegg til stønad frå Lånekassen. Studentar utan integrert praksis vil ikkje bli vurdert.
Vi oppmodar studentar frå VNBs medlemsinstitusjonar til å søke. Desse inkluderer Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, HVL og VID.
Praktikantordninga er open for andre studentar og kan t.d. inngå som ein del av samarbeidet med Universitet i Bergen. UiB-studentar som tar faget SAMPOL291 kvalifiserer, men ein må søke via søknadsportalen til universitetet.
Ved lik vurdering av kandidatar, vil studentar frå VNBs medlemsinstitusjonar bli prioritert.
Arbeidsoppgåver:
Følge og rapportere på politikkutviklinga i EU, med særleg fokus på tema og problemstillingar som er relevant for medlemane i VNB
Bidra med innhald til nyhendebrevet og SoMe
Bistå ved medlemsbesøk og arrangement
Representere kontoret på seminar og møter
Behandle førespurnader frå medlemane
Administrative oppgåver
Anna førefallande arbeid
Kvalifikasjonar:
Må vere i gong med høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå
Studiepoenggivande praksis
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk. Franskkunnskap eller kjennskap til andre EU språk er ein fordel, men ikkje eit krav
Gode IKT-ferdigheiter
Fleksibel og serviceorientert
Det er ein fordel med:
Kunnskap om EU/EØS
Kjennskap til Vestlandsregionen og medlemsinstitusjonane til VNB
Erfaring med kommunikasjonsarbeid
På eit lite kontor er det nødvendig å kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar, samtidig som evna til å samarbeide er viktig. VNB er eit representasjonskontor og ein bør vere open og opptre profesjonelt.
Søknadsfrist er onsdag 4. november. Vi ber om at du sender søknad, CV, samt kopi av vitnemål og eventuelle attestar i éin PDF-fil per e-post til Europarådgjevar Anna Solvang: anna.solvang@west-norway.no.