Besøk og opphald i Brussel

Brussel er ein viktig møteplass for europeisk politikk og samarbeid. VNB legg til rette for at medlemane våre kan få innsikt, byggje nettverk og bli betre kjende med EU- og EØS-systemet gjennom studiebesøk og hospitering ved kontoret.

Studiebesøk og delegasjonar

Grupper frå medlemsorganisasjonane.
Vanlegvis éin til fleire dagar.

Hospitering

Tilsette og folkevalde hos medlemane.
Frå nokre dagar til fleire månader.

Studentpraksis

For studentar. Vanlegvis eitt semester.

Studiebesøk og delegasjonar

Få eit fagleg program tilpassa dykkar behov.

VNB legg til rette for besøk i Brussel for grupper frå medlemsorganisasjonane våre. Vi tek jamleg imot delegasjonar frå Vestlandet som ønsker oppdatering på kva som skjer i EU og arbeidet til VNB. Programmet blir tilpassa tema, fagområde og mål for besøket, og kan omfatte møte med EU-institusjonar, norske og europeiske organisasjonar, nettverk eller andre relevante fagmiljø.

Vi kan bidra med:

  • råd om tema og fagleg innhald

  • kontakt med relevante institusjonar og fagpersonar

  • planlegging og koordinering av møter

  • orientering om aktuelle saker i EU og EØS

  • lokale til møter og samlingar på Norway House

Planlegg eit studiebesøk

Ta kontakt i god tid og fortel kven de er, kva de ønsker å lære meir om, kor mange som skal delta og når de ønsker å kome.

Ta kontakt om studiebesøk

Hospitering

Arbeid frå Brussel for ein periode

VNB tilbyr hospitering for tilsette og folkevalde i medlemsorganisasjonane. Eit hospitantopphald gir høve til å fordjupe seg i eit fagområde, utvikle ein prosjektidé, byggje nettverk eller få større innsikt i EU og EØS.

Opphaldet kan vare frå nokre dagar til fleire månader, avhengig av formålet og kapasiteten ved kontoret. Innhaldet blir planlagt i samarbeid mellom hospitanten, arbeidsgjevaren og VNB.

Kva kan opphaldet innehalde?

  • arbeid med eit avgrensa fagområde eller prosjekt

  • møte med aktuelle institusjonar og fagmiljø

  • deltaking på seminar og nettverksmøte

  • innsikt i det daglege arbeidet ved VNB

  • relevante oppgåver ved kontoret ved lengre opphald

Kor lenge bør opphaldet vare?

Lengda bør tilpassast formålet. Eit kort opphald kan gi fagleg påfyll og nye kontaktar, medan eit lengre opphald gir betre høve til å arbeide med prosjekt, byggje nettverk og bli kjend med EU-systemet.

Praktisk informasjon

VNB tilbyr kontorplass, internett og tilgang til møterom. Hospitanten må sjølv ta med datamaskin og organisere reise og bustad. Økonomiske forhold må avklarast med arbeidsgjevaren.

VNB tek imot førespurnader fortløpande. Det er vanlegvis berre kapasitet til éin hospitant om gongen. Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ei eiga ordning. HVL sender ein tilsett som hospitant til VNB for ein periode på tre månader, to gongar i året. Hospiteringa blir lyst ut internt på HVL.

Studentpraktikant i Brussel

VNB tek vanlegvis imot éin studentpraktikant kvart semester. Praktikanten deltek i det daglege arbeidet ved kontoret og får erfaring med europeisk politikk, kommunikasjon, arrangement og regionalt samarbeid.

Praksisplassen blir lyst ut for eitt semester om gongen.

Les om studentpraktikantordninga