Partnarar og nettverk

Europeisk samarbeid byggjer på gode relasjonar. Gjennom nettverka våre held VNB seg oppdatert på utviklinga i Europa, løftar fram vestnorske interesser og koplar medlemane med relevante regionar, fagmiljø og samarbeidspartnarar.

Nettverka gir tilgang til kunnskap og erfaringsutveksling, men er òg viktige arenaer for å utvikle prosjekt, finne partnarar og påverke europeisk politikkutforming.

Nettverk VNB deltek i

ERRIN – European Regions Research and Innovation Network

ERRIN er eit europeisk nettverk for forsking og innovasjon. Gjennom medlemskapen får VNB og medlemane våre tilgang til faglege arbeidsgrupper, arrangement, prosjektmoglegheiter og kontakt med regionar og fagmiljø frå heile Europa.

European Policy Centre

European Policy Centre er ein uavhengig tenketank som analyserer europeisk politikk og samfunnsutvikling. Medlemskapen gir VNB tilgang til faglege møteplassar, analysar og diskusjonar om aktuelle spørsmål i EU.

Uformelle nettverk i Brussel

VNB deltek òg i norske og europeiske nettverk innan mellom anna regionalpolitikk, transport, forsking og innovasjon. Her fangar vi opp saker som kan få betydning for Vestlandet, deler erfaringar og utforskar moglegheiter for samarbeid med andre regionar.

Nettverk medlemane deltek i

Medlemane våre deltek i fleire europeiske nettverksorganisasjonar. Som regel har dei sjølve ansvar for deltakinga, medan VNB kan representere eller støtte medlemane ved behov.

  • CPMR – politisk nettverk for maritime og perifere regionar

  • Nordsjøkommisjonen – samarbeid mellom regionane rundt Nordsjøen

  • Euromontana – europeisk nettverk for fjellområde

  • Eurocities – nettverk for europeiske byar

  • EARLALL – samarbeid om livslang læring

  • Ordføraravtalen – europeisk samarbeid om klima og energi

  • ICLEI – globalt nettverk for berekraftige byar og regionar

Finn ein europeisk samarbeidspartnar

VNB får jamlege førespurnader frå europeiske regionar og organisasjonar som søkjer norske samarbeidspartnarar til sine prosjekt. Vi deler relevante moglegheiter med medlemane og hjelper med å vurdere om eit partnerskap kan vere aktuelt.

Har de ein prosjektidé eller ønskjer de kontakt med ein europeisk samarbeidspartnar? Ta kontakt med oss, så hjelper vi dykk med å finne relevante nettverk, program og aktørar.

Ta kontakt om prosjektsamarbeid