Prosjekt og finansiering

EU-programma gir vestnorske aktørar tilgang til finansiering, kunnskap og samarbeid med miljø i heile Europa. Gjennom EØS-avtalen kan norske aktørar delta i ei rekkje av programma på linje med aktørar frå EU-landa.

VNB hjelper medlemane med å finne relevante program, utlysingar og samarbeidspartnarar. Vi bistår òg med å vurdere korleis ein prosjektidé kan koplast til europeiske moglegheiter.

Dette kan vi hjelpe med

  • finne relevante EU-program og finansieringsordningar

  • identifisere aktuelle utlysingar

  • utvikle og konkretisere prosjektidear

  • finne europeiske samarbeidspartnarar

  • kople medlemane til relevante nettverk og fagmiljø

Aktuelle EU-program

EØS-midlane

EØS-midlane er Noreg, Island og Liechtenstein sitt bidrag til å redusere sosiale og økonomiske skilnader i Europa. Midlane skal òg styrkje samarbeidet mellom givarlanda og 15 mottakarland i EU.

For perioden 2021–2028 er innsatsen konsentrert rundt tre hovudområde:

  • grøn omstilling

  • demokrati, rettsstat og menneskerettar

  • sosial inkludering og robuste samfunn

Digitalisering og likestilling skal vere gjennomgåande omsyn i programma.

Moglegheiter for norske aktørar

Norske kommunar, offentlege verksemder, forskings- og utdanningsinstitusjonar og frivillige organisasjonar kan delta som samarbeidspartnarar i prosjekt. Den formelle søkjaren er som regel ein aktør i eit av mottakarlanda, medan den norske partnaren bidreg med kunnskap og erfaringar.

Under dei fleste programma blir det lyst ut støtte til prosjektsamarbeid. Norske prosjektpartnarar kan få dekt kostnadene sine, men dette må vere innarbeidd i prosjektsøknaden.

VNB kan hjelpe

VNB kan hjelpe medlemane med å finne relevante program, samarbeidsmoglegheiter og partnarar i mottakarlanda. Ta gjerne kontakt dersom de har ein prosjektidé eller ønskjer å undersøkje om EØS-midlane kan vere aktuelle.

Ta kontakt om EØS-midlane