Dette kan vi vente oss av EU i 2027

Av Anna Lygre Solvang

Europakommisjonens arbeidsprogram for 2027 satsar på europeisk konkurransekraft, strategisk sjølvstende og tryggleik. Slagordet til arbeidsprogrammet er «European Union – standing up for one another». Programmet ber preg av at EU i aukande grad må sikre eigne strategiske interesser i ei verd prega av geopolitisk uro, hardare global konkurranse, høge energiprisar og rask teknologisk utvikling.                    


Kvart år vedtar Kommisjonen eit arbeidsprogram som inneheld ei oversikt over dei viktigaste initiativa som skal gjennomførast det komande året. Arbeidsprogrammet er eit viktig verktøy for å oppfylle forpliktingane som er skisserte i dei politiske retningslinjene til Kommisjonen samt tiltak som blir varsla i den årlege talen om Unionens tilstand (State of the European Union).  

Arbeidsprogrammet har 23 nøkkelinitiativ, inkludert 10 forenklingstiltak. Europakommisjonen har allereie lagt fram 12 forenklingspakkar (omnibuspakkar) og andre forenklingstiltak. Når alle desse blir implementerte, anslår Kommisjonen at ein kan redusere administrative kostnadar med 22,3 milliardar per år.

Vi har samla dei viktigaste forslaga som er planlagt for 2027.

Lågare energiprisar, auka energitryggleik og nytt rammeverk etter 2030

Energi er eit av dei sentrale områda i arbeidsprogrammet. Kommisjonen vil kombinere kortsiktige tiltak for å redusere energiprisane med eit meir langsiktig rammeverk for Europas energisystem. Den geopolitiske situasjonen har synleggjort sårbarheita i europeiske forsyningskjeder og betydninga av tilgang til energi og drivstoff til konkurransedyktige prisar. Kommisjonen vil difor arbeide med koordinerte tiltak for å handtere høge energiprisar og sikre energiforsyninga.

Eit sentral forslag er Post-2030 Energy Framework and Simplification Package, som er planlagt i første kvartal 2027. Rammeverket skal forenkle energiregelverket etter 2030, samtidig som det skal sikre at 2040-rammeverket bidreg til å nå måla for avkarbonisering. Dette inneber at EU må finne ein balanse mellom utsleppsreduksjonar, forsyningstryggleik og konkurransekraft.

Kommisjonen vil også undersøke moglegheita for ein «marknadsmekanisme for rein varme». Formålet er mellom anna å stimulere til auka bruk av varmepumper og redusere investeringskostnadene for hushaldningane.

Andre energirelaterte forslag omfattar:

- Evaluering av det midlertidige kriserammeverket for statsstøtte for dei industrisektorane som er mest utsette for høge energiprisar.

- Kortsiktige tiltak for å optimalisere europeiske raffineri.

- Forslag om å utsetje enkelte forpliktingar under metanforordninga.

Høgare utdanning og kompetanse

European Universities Alliances 2.0

Initiativet skal byggje vidare på erfaringane frå dei europeiske universitetsalliansane og bidra til utdanning av høg kvalitet på tvers av landegrensene. Målet er å styrke samarbeid, innovasjon og Europas konkurransekraft. Høgskulen på Vestlandet er partnar i den europeiske universitetsalliansen Artemis, som starta opp i 2025.

European Universities Alliances 2.0 har to hovudelement:

  • Eit forslag om ein eigen juridisk status for europeiske universitetsalliansar, gjennom endringar i regelverket for European Grouping of Territorial Cooperation (EGTC). Ein slik juridisk status kan gi alliansane eit meir permanent institusjonelt grunnlag for samarbeid på tvers av nasjonale system og regelverk.

  • Eit ikkje-bindande initiativ for å vidareutvikle alliansane som drivkraft for innovasjon og europeisk konkurransekraft.

Det er venta at desse forslaga skal bli lagt fram i fjerde kvarta 2027.

Skills Guarantee

Initiativet skal leggje til rette for at arbeidstakarar får høve til kompetanseutvikling og omskolering. Kommisjonen peikar særleg på behovet for å støtte arbeidstakarar som må tileigne seg ny kompetanse for å kunne delta i framtidas arbeidsliv. Ein skal også vurdere tiltak for unge som møter utfordringar knytta til kunstig intelligens og endringar i arbeidsmarknaden.

Skills Guarantee er planlagt som eit ikkje-lovgivande initiativ i tredje kvartal 2027.

Tryggleik og beredskap

Arbeidsprogrammet signaliserer ei tydeleg satsing på tryggleik, forsvar og beredskap. Eit av forslaga er etableringa av ein «European Security Emergency Protocol». Protokollen skal gjere det mogleg for medlemsland å få rask og koordinert europeisk støtte.

Kommisjonen vil også arbeide for å ytterlegare operasjonalisere EU-traktatens § 42.7 om kollektiv beskyttelse, samt undersøke moglegheita for å etablere eit europeisk sikkerheitsråd (European Security Council) saman med EUs næraste partnarar. Dette vart også nemnt i State of the Union-talen til Kommisjonspresidenten tidlegare haust.

Innan beredskap vil Kommisjonen også styrke Europa si evne til å handtere naturkatastrofar, ekstremvêr, skogbrannar og andre kriser.

Kritiske råmateriale

Tilgang til kritiske råmateriale er ein stadig viktigare føresetnad for europeisk industri, teknologiutvikling og forsvarsevne. Kommisjonen vil etablere ein «European Corporation on Critical Raw Materials». Initiativet skal bidra til å sikre tilgang til råmateriala som er nødvendige for mellom anna elektriske køyretøy, halvleiarar, batteri og forsvarsindustri.

Bakgrunnen er Europa sitt behov for å redusere strategiske avhengigheiter og sikre meir robuste forsyningskjeder. Arbeidet inngår i ein breiare ambisjon om å styrke økonomisk tryggleik og industriell kapasitet.

Kommisjonen har førebels ikkje spesifisert eit konkret kvartal for framlegginga av initiativet.

Digitalisering og kunstig intelligens

Kommisjonen vil gå gjennom måla i visjonen om det digitale tiåret (Path to the digital decade) og leggje fram ein breiare «Digital Transformation Package» i andre kvartal 2027. Pakken skal modernisere og forenkle det digitale rammeverket slik at det samsvarar betre med den teknologiske utviklinga og behova i europeisk næringsliv.

Det er også planlagt ein handlingsplan for industriell KI innan fem sektorar: helse, transport, landbruk og matproduksjon, avansert industri samt forsvar og romfart.

Andre utvalde initiativ:

  • Langtidsbudsjett og nye EU-program: EUs neste langtidsbudsjett (Multiannual Financial Framework (MFF)) gjeld for perioden 2028–2034. Dette er også viktig for Noreg, då langtidsbudsjettet mellom anna vil finansiere EU-program som Horisont Europa, Erasmus+, Konkurranseevnefondet og EUs ordning for sivil beskyttelse (UCPM).

    Utforminga av EU-programma er blant dei prioriterte initiativa i arbeidsprogrammet. Ambisjonen er at dei nye EU-programma skal kunne starte opp 1. januar 2028. For å unngå eit finansieringsgap meiner Kommisjonen at det er avgjerande å oppnå ei politisk semje om MFF innan utgangen av 2026. Det kjem ikkje til å bli lett.

  • Housing Simplification Package: Med utgangspunkt i «Affordable Housing Plan» vil Kommisjonen leggje fram ein «Housing Simplification Package» i andre kvartal 2027. Målet er å auke tilbodet av bustader ved å redusere administrative byrder og gjere det enklare å gjennomføre byggje- og rehabiliteringsprosjekt. Kommisjonen framhevar at bustadkrisa ikkje berre er ei sosial utfordring, men også ei økonomisk utfordring som påverkar Europas konkurransekraft og moglegheita til å tiltrekke seg arbeidskraft.

  • Right to Stay: Denne strategien skal identifisere kva tiltak som kan bidra til at både innbyggjarar og lokalsamfunn får betre utviklingsmoglegheiter, samt skape betre rammevilkår for busetjing.

Det er viktig å presisere at arbeidsprogrammet ikkje er bindande, men at det fungerer som eit strategisk rammeverk. Det gir ei førebels oversikt over kva vi kan vente oss i 2027, men tidsplanen for dei ulike forslaga kan endre seg. Arbeidsprogrammet gir også oversikt over pågåande lovforslag som skal trekkast tilbake samt eksisterande rettsakter som skal bli oppheva.

Arbeidsprogrammet vart lansert saman med den årlege rapporten om forenkling, gjennomføring og handheving av EU-regelverket. Rapporten gir ei samla oversikt over framdrifta i arbeidet med å forenkle EU-regelverket og sikre meir effektive resultat.

Les meir:

Commission work programme 2027

Commission work programme 2027 - annexes

Commission work programme 2027 explained - factsheet

2026 annual overview report on simplification, implementation and enforcement

 

Foto: European Union 2026/ Claudio Centonze

Neste
Neste

Vil du bli vår neste studentpraktikant?