Stor vestnorsk delegasjon på regionveka i Brussel
Den siste veka har den 24. utgåva av «European Week of Regions and Cities» (EWRC) sett sitt preg på Brussel. Det årlege arrangementet er ein sentral møteplass for regional utvikling, og i år var vi så heldige å få besøk av heile 35 engasjerte deltakarar frå Vestland og Møre og Romsdal.
Under EWRC samlast politikarar, ekspertar og andre relevante aktørar for å drøfte regionale utfordringar og potensielle løysingar. I tillegg legg regionveka til rette for samarbeid og nettverksbygging mellom regionale aktørar i Europa. Mottoet for 2026-utgåva var "Strong regions, strong Europe».
Vest-Norges Brusselkontor har arrangert fleire arrangement i år og vi har laga ei oppsummering av aktivitetane våre.
Fagseminar for tilreisande vestlendingar
Vi tok imot ein stor delegasjon frå Vest-Norge med representantar frå begge fylkeskommunane våre, fleire kommunar, HVL, Vestlandsforsking, Sogn næring, Sognaregionen m.fl.
Dei fekk eit skreddarsydd fagseminar i regi av VNB om korleis EU satsar på digitalisering, energiomstilling og konkurransekraft i møte med ei uroleg verd. I tillegg tok vi for oss moglegheiter innan europeisk programsamarbeid og kva vi kan vente oss av dei nye EU-programma for perioden 2028-2034. Fagseminaret ga også deltakarane høve til å diskutere moglege samarbeid og til å betre kjent med VNB.
Regionar og kommunar si rolle innan maritim tryggleik og beredskap
North Sea Resilience: Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik i engasjert samtale med sin nederlandske kollega Hans Broekhuizen (ordfører i Het Hogeland) og president i Nordsjøkommisjonen, Elisabet Babic.
På dag to av regionveka arrangerte vi seminaret «North Sea Resilience: Securing Infrastructure, Communities, and the Blue Commons» i samarbeid med Nordsjøkommisjonen. Det samla ulike perspektiv på korleis vi kan styrke tryggleik og motstandskraft i Nordsjøregionen, og bidra til å gjere samfunna i regionen tryggare og meir berekraftige.
Programmet tok utgangspunkt i utviklingar innanfor maritim tryggleik og beredskap, med særleg vekt på korleis Europa og Nordsjøregionen kan førebu seg på eit meir komplekst trusselbilete. Seminaret løfta òg fram samanhengen mellom tryggleik til havs og omsynet til dei marine økosystema. Her vart det drøfta korleis ein kan førebyggje og handtere trugslar mot kritiske anlegg og maritime verdiar, og kva rolle samarbeid og kunnskapsdeling spelar i arbeidet med å styrke tryggleiken i Nordsjøen.
Paneldiskusjonane understreka kor viktig det er at europeiske, regionale og lokale aktørar samarbeider om beredskap og motstandskraft. Medan nasjonale og europeiske rammeverk legg viktige føringar, er regionar og kommunar sentrale i arbeidet med å førebu lokalsamfunn på kriser og sikre at samfunnsfunksjonar kan oppretthaldast når dei blir sette på prøve.
Samlinga gav oss også ein god moglegheit til å løfte fram og synleggjere ulike perspektiv og synspunkt blant medlemane våre. Gjennom innlegg frå Toralf Rutledal, forsvarskoordinator i Forsvarsforum Vestland, Solfrid Sætre Hjøllo, forskar ved Havforskingsinstituttet, og Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden kommune, fekk vi belyst aktuelle problemstillingar og breidda i kompetansen i Vest-Noreg.
Takk til alle innleiarar og paneldeltakarar for verdifulle perspektiv og faglege bidrag, og til alle som deltok på seminaret.
VNB var med på det offisielle programmet
I år deltok VNB i eit tverrnasjonalt partnarskap med regionar frå Frankrike, Italia, Belgia, Irland og Kanaløyene. Initiativet kom frå Normandie-regionen i Frankrike og tema var korleis kulturarv og felles historie kan brukast til å styrke samarbeid mellom europeiske regionar. VNB-direktør Audun Lysbakken var ein av innleiarane. Han løfta fram samarbeid innan blå økonomi, kultur, reiseliv og ungdom, samt koplinga mellom beredskap og kulturarv.
Frå seminaret om kulturarv og samarbeid. Visepresident i Normandie, François-Xavier Priollaud, moderator Angela Atzori fra Europakommisjonen og VNB-direktør Audun Lysbakken.