Er “Made in Europe” også lagd på Vestlandet?
Foto: Istock.com/chriss_ns
Europeisk industri slit i konkurransen med Kina, og EU vil verne henne betre. Hamnar norsk næringsliv på innsida eller utsida?
Då Europakommisjonen i vår la fram sitt forslag til Industrial Accelerator Act (IAA), kunne norske aktørar puste letta ut. Forståinga var at dei nye «Made in Europe»-reglane var definerte slik at EØS‑landa kom på innsida av eventuelle tiltak for å verne europeisk næringsliv. No reiser behandlinga i parlamentet nye spørsmål – både om kven som vil vere inkludert, og om det i det heile tatt kjem eit kraftfullt nytt verktøy for beskyttelse.
I forslaget til ny industripolitikk for EU vart det opna for å bruke både offentlege anskaffingar og statsstøtte på nye måtar. Ved å setje krav om europeisk innhald og produksjon med låge utslepp skulle store marknader i praksis kunne forbehaldast europeiske leverandørar. Det aukande handelsunderskotet mot Kina har fått Europakommisjonen til å gå i ei meir proteksjonistisk retning, i takt med industridød i viktige medlemsland.
Kommisjonens forslag blir no diskutert heftig, både mellom medlemslanda og i Europaparlamentet. Debatten i sistnemnde organ skaper ny uvisse om kva som skal reknast som «europeisk» i denne samanhengen. Saksordføraren i industrikomiteen, den franske liberalaren Christophe Grudler, har uttalt at Kommisjonens forslag er så vidt at det ikkje vil vere Made in EU, men «lagd overalt». Saman med dei to andre parlamentarikarane som har ansvar for saka i komiteen har han foreslått ein meir restriktiv versjon, der utgangspunktet skal vere EUs 27 medlemsland, og andre land kan kome inn dersom dei tilfredsstiller visse kriterium.
På den andre sida har det kome ein motreaksjon i parlamentet, frå meir frihandelsorienterte medlemmer. 23 parlamentarikarar frå den konservative EPP har skrive under på eit forslag om å skrote heile IAA. Dei skuldar Kommisjonen for å styre EU rett inn i nye handelskonfliktar med verkemiddel som «Made in Europe».
Ei tilsvarande usemje finst mellom medlemslanda. Der diskuterer dei både kva næringar som skal inkluderast, og kva land som skal vere på innsida. Medlemsland som Tyskland og Sverige, tradisjonelle forkjemparar for frihandel, ønskjer ei vid definisjon av europeisk innhald og opning for EUs handelspartnarar rundt om i verda. Riktig nok har også desse landa bevega seg. Tidlegare ville dei neppe ha gått inn for europeisk preferanse i det heile, men særleg tysk industri er hardt råka av kinesisk konkurranse. Det er likevel framleis betydeleg avstand til dei EU‑landa som ønskjer ein strammare politikk, med Frankrike i spissen.
Parlamentet skal etter planen ta endeleg stilling til IAA like før jul.