Meir til idrett i Erasmus+?
Europaparlamentets kultur- og utdanningskomité vil at ein større del av midlane til Erasmus+ skal øyremerkast ungdom og idrett. I praksis kan dette bety mindre til utdanning.
Denne veka skal parlamentet i plenum behandle innstillinga frå komiteen. Parlamentarikarane ønskjer ei fast fordeling av Erasmus‑midlane mellom dei tre formåla i programmet. Dei vil ha:
74,6 % til utdanning og opplæring
15 % til ungdom og frivilligheit
4,1 % til idrett
I praksis betyr dette ei styrking av ungdom og idrett, som tidlegare har fått ein lågare del av dei samla midlane. Komiteen foreslår samstundes ei betydeleg auke av det totale budsjettet for Erasmus+, og høgare pengebruk enn i Europakommisjonen sitt forslag frå i fjor. Dette verkar likevel lite realistisk i lys av debatten mellom medlemslanda om EUs langtidsbudsjett. Medan parlamentet ønskjer meir pengar enn Kommisjonen har foreslått, går regjeringane i rike land som Tyskland og Sverige sterkt inn for kutt.
Dersom komiteens forslag til fordeling skulle bli ståande, men den samla ramma bli mindre, kan resultatet dermed bli lågare beløp til utdanning enn det som opphavleg var føresett. Ei avklaring om dette ligg likevel langt fram i tid. Etter at parlamentet har vedteke sine forslag til innretning på dei ulike programma, skal eit endeleg opplegg framforhandlast mellom EU‑organa.