Ny forordning om offentlege anskaffingar

I september vedtok Europakommisjonen eit forslag til ei lov om offentlege anskaffingar. Forslaget inneber meir EU‑kontroll over korleis offentleg sektor skal gjere innkjøp, og det kan føre til mindre fleksibilitet for kvart enkelt europeisk land.

Kvart år brukar offentlege styresmakter i EU om lag 2 600 milliardar euro på anskaffingar frå eksterne leverandørar. Hovudformålet med det nye lovforslaget er å styrkje bruken av strategiske anskaffingar og bidra til like konkurransevilkår for verksemder i heile Europa. Også i Norge er innkjøpa til offentleg sektor ein svært viktig del av samfunnsøkonomien. I eit nytt geopolitisk klima blir spørsmålet om korleis desse innkjøpa skal gjerast – og om ein skal stille andre krav enn berre lågaste mogleg pris – stadig meir aktuelt.

Konkurransekraft står høgt på agendaen i EU, og ei rekkje av dei foreslåtte lovtiltaka har som mål å styrkje Europas konkurranseevne og leggje til rette for vidare økonomisk utvikling. Europakommisjonen ønskjer å bruke offentlege anskaffingar som eit strategisk verkemiddel for å styrkje EU‑industrien og fremje innovasjon. Anskaffingar skal no bidra til den grøne og digitale omstillinga, samstundes som dei skal styrkje Europas økonomiske tryggleik og strategiske autonomi.

Det nye forslaget er ei bindande forordning. Det betyr eit strammare regelverk enn dagens direktiv, som gir EU/EØS‑landa meir rom for tilpassingar i korleis dei gjennomfører reglane. Norge er blant landa som ikkje har ønskja at regelverket skulle få form av ei forordning. Forslaget frå Kommisjonen byggjer i hovudsak på tre sentrale tiltak som skal bidra til å realisere desse ambisjonane:

  1. Ein felles prosess og eit felles rammeverk for heile EU

  2. Nye obligatoriske vilkår: European Preference‑kriteriet og Best Price‑Quality Ratio

  3. Ei digital marknadsplattform for alle offentlege anskaffingar i Europa

Den nye forordninga inneber at offentlege innkjøparar i større grad kan prioritere tilbydarar frå EU og enkelte land som er omfatta av særskilde avtalar. Dette kan til dømes gjerast ved å stille krav til varene eller tenestene sitt opphav. EU sitt ønske om å beskytte sitt eige næringsliv og redusere avhengnad av tredjeland slår dermed inn i rammeverket for offentlege innkjøp.

Samstundes inneber prinsippet om Best Price‑Quality Ratio at minst 30 prosent av vurderinga skal baserast på andre forhold enn pris, som kvalitet, miljø, sosiale omsyn og tryggleik. Det blir dermed mindre høve enn før til å leggje vekt på pris aleine. Målet er å sikre at offentlege anskaffingar ikkje berre handlar om å velje det billegaste tilbodet, men òg om å ivareta breiare samfunnsomsyn og langsiktige behov.

Anskaffingsforordninga er markert som EØS‑relevant, noko som inneber at heile eller delar av regelverket vil få betydning for Noreg. Kommisjonens forslag må forståast slik at EØS‑landa er innanfor definisjonen av «europeisk», og at dette i framtida vil gjelde for norsk offentleg sektor og norsk næringsliv. Føresetnaden er at denne forståinga av kva som er innanfor og utanfor det europeiske blir ståande gjennom den vidare behandlinga i Rådet og Parlamentet. Sjå òg eiga sak i Europabrevet om Europaparlamentets pågåande diskusjon om Made in Europe. Forslaget til ny forordning går no vidare til dei andre EU‑organa, og prosessen er venta å vare fram til slutten av 2027.

Det blir viktig å følgje med på korleis dei nye reglane kan påverke konkurransevilkåra, prisnivået og marknadstilgangen for norske verksemder, samt kva nye moglegheiter forordninga kan opne for. På same måte er tidleg innsikt i framtidas regelverk viktig for alle som arbeider med offentlege innkjøp – det kan både kome nye forpliktingar og nye moglegheiter.

VNB vil kome tilbake med ei meir inngåande gjennomgang av regelverket på eit seinare tidspunkt. Medlemmene vil òg motta eit fagnotat i VNBs notatserie som belyser kva moglegheiter og utfordringar forordninga kan innebere for medlemmene våre, samt moglege utviklingsforløp og den vidare prosessen fram mot ei innlemming i EØS‑avtalen.

Forrige
Forrige

Meir til idrett i Erasmus+?

Neste
Neste

Blikk fra Brussel - Mens vi venter på Le Pen