Første veka i november la Europakommisjonen fram ein ny strategi for yrkesfag. Målet er å få på plass verktøy som kan nyttast i den nasjonale fagopplæringa, og samstundes bidra til ei felles europeisk retning på politikkområdet.
Foto: Istock/monkeybusinessimages
Av Audun Lysbakken
Nær 60 prosent av jobbane i EU krev yrkesfagleg kompetanse, og nesten 70 prosent av yrka med størst mangel på arbeidskraft er sterkt avhengige av arbeidstakarar med slik bakgrunn. Europakommisjonen rettar difor merksemda mot yrkesfagleg opplæring i europeiske land som ein del av sin Utdannings- og kompetansepakke.
Kommisjonen legg stadig fram strategiar. I motsetnad til direktiv og forordningar er dei ikkje bindande for EU- og EØS-landa, men dei kan gi ein god peikepinn på den politiske utviklinga på ulike område og inneheld ofte verktøy som kan takast i bruk i den nasjonale politikken i dei ulike landa. Difor er det verdt å kaste eit blikk på denne European Vocational Education and Training Strategy.
Målet til kommisjonen er å skape ei meir felles retning for yrkesopplæringa i Europa, ikkje minst knytt til EUs mål om energiomstilling og reindustrialisering. Strategien inneheld ti ulike initiativ som kommisjonen håpar vil bli fanga opp i nasjonal politikk på området.
Blant initiativa er ein European Sectoral Training Accelerator, som skal bidra til utvikling av korte og fleksible opplæringsmodular i samarbeid med næringslivet. Desse skal kunne få sertifisering som blir anerkjend i heile EU-/EØS-området. Det skal òg utviklast eit European Vocational Excellence Network, som skal byggje vidare på arbeidet til dei EU-finansierte sentra for framifrå yrkesutdanning. Vi har i dag to slike sentre på Vestlandet, eitt innan hydrogen og eitt innan helse.
Eit anna mål i strategien er å leggje til rette for at fleire lærlingar kan få opplæring i eit anna EU-/EØS-land. Ein EU Mobility Marketplace skal gjere dette enklare, og samstundes leggje til rette for at skular lettare kan organisere utvekslingsordningar med høg kvalitet.