EU vil gjere reiselivet meir berekraftig og mindre sårbart for masseturisme

EU har lansert sin aller første turismestrategi. Ambisjonen er å gjere Europa til det leiande reisemålet i verda, samtidig som turismen skal bli meir berekraftig, konkurransedyktig og betre fordelt mellom regionar og årstider. Strategien tar også for seg utfordringar knytta til mangel på arbeidskraft. 


Av Anna Lygre Solvang 

Reiseliv er ein viktig del av europeisk økonomi. I 2025 tok EU imot om lag 600 millionar internasjonale turistar, som utgjer nesten 40 prosent av alle internasjonale turistreiser på verdsbasis. Ifølgje Europakommisjonen bidreg sektoren med 10 prosent av EUs samla verdiskaping. Reiselivet har over 20 millionar sysselsette og omfattar rundt fem millionar verksemder. Heile 99 prosent av desse er små og mellomstore bedrifter. 

© European Union, 2026, licensed under CC BY 4.0 

Frå masseturisme til meir balansert reiseliv 

Eit sentralt mål i strategien er å endre korleis europeiske reisemål utviklar og handterer turismen. Kommisjonen ønskjer å redusere presset på dei mest populære turmåla, samtidig som mindre besøkte regionar får betre høve til å utvikle reiselivsnæringa. 

Dette inneber mellom anna: 

  • Betre styring av turiststraumar i populære reisemål. 

  • Auka satsing på mindre kjente reisemål og distriktsområde. 

  • Større spreiing av turismen gjennom heile året. 

  • Betre involvering av lokalbefolkninga i utviklinga av reisemål. 

  • Tiltak for å sikre at turismen gir større økonomiske og sosiale gevinstar for lokalsamfunna. 

Kommisjonen vil utvikle ein felles europeisk modell for reisemålsleiing, kalla «EU Model for Tourism Management». Modellen skal hjelpe lokale og regionale styresmakter med å balansere økonomisk utvikling, miljøomsyn og interessene til lokalbefolkninga. 

 

Digitalisering og kompetanseløft skal styrke næringa 

Den nye strategien legg stor vekt på digitalisering og kompetanseutvikling. Små og mellomstore reiselivsbedrifter skal få betre tilgang til digitale verktøy, data og opplæring. Målet er å gjere verksemdene meir innovative og konkurransedyktige. 

Blant tiltaka er etableringa av: 

  • EU Tourism Academy: Eit kompetansetilbod som skal hjelpe reiselivet med å tiltrekke seg arbeidskraft og utvikle ferdigheitene til dei tilsette. Akademiet vil få støtte frå eit nettverk av nasjonale reiselivsorganisasjonar, universitet, yrkesopplæring og andre relevante aktørar som skal utvikle kompetanseprogram. Mangelen på arbeidskraft er også knytta til arbeidstilhøve og lønnsnivå. Kommisjonen gjennomfører for tida ei undersøking av arbeidstilhøva i reiselivs- og transportsektoren. Resultata skal bli publiserte i 2028. 

  • EU Tourism Observatory: Eit system som skal samle inn og analysere data om utviklinga i europeisk reiseliv. 

  • Common European Tourism Data Space: Eit felles europeisk dataområde som skal gjere det enklare å dele og bruke reiselivsdata. Her står auka bruk av KI sentralt. 

Kommisjonen vil også arbeide for å redusere unødvendige administrative byrder for reiselivsbransjen og modernisere MVA-reglane som gjeld for næringa. 

 

Klima og berekraft får ein sentral plass 

Klimaendringane utgjer ei stadig større utfordring for europeisk reiseliv. Høgare temperaturar, ekstremvêr, tørke, flaum og snømangel påverkar allereie fleire reisemål. EU ønskjer derfor å hjelpe reiselivsbedriftene med å redusere klima- og miljøavtrykket sitt. Strategien varslar mellom anna nye verktøy for små og mellomstore bedrifter, opplæring i grøn omstilling og reviderte miljøkriterium for turistovernatting innan 2028. Samtidig skal tilgjengelegheit og inkluderande turisme prioriterast, slik at fleire får høve til å reise og oppleve Europa. Her spelar også infrastruktur ei viktig rolle.  

 

Kopling til EUs hamnestrategi  

Den nye turismestrategien løftar fram hamnene som viktige knutepunkt for kyst- og cruiseturisme. Kommisjonen har også planar om ein eigen «Cruise Cooperation Dialogue», der hamner, cruiseoperatørar, reiselivsorganisasjonar og lokale styresmakter skal samarbeide om betre besøksstyring, utsleppsreduksjonar, digitalisering og heilårsturisme. Strategiane peikar dermed mot ei meir integrert utvikling av maritime reisemål, der investeringar i grøn hamneinfrastruktur, landstraum, passasjertransport og moderne skip også kan bidra til å styrke reiselivsnæringa. 

 

Vegen vidare 

For å følgje opp strategien vil Kommisjonen etablere ein ny «EU Tourism Alliance». Her skal nasjonale, regionale og lokale styresmakter samarbeide med reiselivsbedrifter og andre aktørar. Strategien omfattar også internasjonalt samarbeid, mellom anna med OECD og FN.  

EU gir allereie støtte til turisme gjennom ulike EU-program og samhørighetspolitikken (regionalpolitikken). Kommisjonen fastslår at dette også vil gjelde i det nye langtidsbudsjettet for 2028-2034. Ein eigen «EU Tourism Platform» skal gi oppdatert rettleiing om EU-støtte til turistnæringa samt eit verktøy med tips og råd for å hjelpe små og mellomstore verksemder med å finne fram til støtteordningar.  

 

Les meir: 

Factsheet: A new EU Sustainable Tourism Strategy 

Communication from the Commission: EU Sustainable Tourism Strategy 

 

Forrige
Forrige

Blikk fra Brussel - Det grønne stemningsskiftet

Neste
Neste

EU styrker satsingen på klimatilpasning