Ulstein kommune
Der baug bryt båre.
Ulstein kommune ligg på Sunnmøre, midt i ei av verdas leiande maritime klynger. Her blir skip designa og bygde for ein global marknad, og løysingar frå Ulstein blir tekne i bruk på hav over heile verda.
Den maritime næringa er ryggrada i lokalsamfunnet, med skipsdesign, verft og leverandørindustri som sentrale drivkrefter. Samstundes er Ulstein ein framtidsretta kommune som legg til rette for innovasjon, samarbeid og berekraftig utvikling. I tett dialog med næringslivet arbeider kommunen for å skape gode rammevilkår og nye moglegheiter for både etablerte og nyetablerte verksemder.
Med om lag 9 000 innbyggjarar er Ulstein eit moderne lokalsamfunn med korte avstandar til både Ålesund og den spektakulære naturen på Sunnmøre. Her finn du gode oppvekstvilkår, eit aktivt kulturliv og eit sterkt engasjement for fellesskap og utvikling.
Gjennom medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor styrkjer Ulstein kommune koplinga til Europa. Medlemskapet gir tilgang til innsikt i utviklinga innan EU og EØS, relevante nettverk og moglegheiter for internasjonalt samarbeid som skaper verdi for lokalsamfunnet og næringslivet.
Les meir på www.ulstein.kommune.no.