Samarbeid
VNB er eit vest-norsk nettverk som samarbeider om å få europeiske prosjekt, partnarar og finansiering til regionen.
Norge deltek i ei lang rekkje EU-program, innan mellom anna forsking og utdanning, kultur, helse, forsvar og sivil beredskap. Norske aktørar frå både offentleg og privat sektor kan òg hente støtte frå ulike europeiske finansieringsmekanismar, til dømes retta mot energi, klima og teknologiutvikling.
Gjennom EØS-midlane og Norge-midlane kan både utdanningsinstitusjonar, forskingsmiljø og kommunar bli partnarar i prosjekt for grøn omstilling, demokrati og sosial inkludering i ei rekkje europeiske land.
VNB følgjer relevante utlysingar, gir råd i søknadsprosessar, bidreg til å finne europeiske partnarar for medlemmene våre og er drivkraft for samarbeid om EU/EØS-prosjekt i Vest-Norge.
VNB-nettverket
VNB er mykje meir enn eit kontor i Brussel. Først og fremst er vi eit nettverk av sentrale samfunnsinstitusjonar på Vestlandet, som samarbeider om europeiske prosjekt.
Sentralt i dette nettverket står Ressursgruppa, som saman med administrasjonen i Brussel koordinerer og driv fram nettverksarbeidet. I Ressursgruppa sit representantar for medlemmene, og i tilknyting til henne blir det oppretta faggrupper med mål om å få til samarbeid og felles søknader innan bestemte tema.
Frå vinteren 2027 vil ein eigen prosjektrådgivar på kontoret i Brussel ha i oppgåve å følgje opp nettverket og bistå med å realisere slike prosjekt.
Oversikt over medlemmene i Ressursgruppa finn du her.
Finansiering og utvikling
Når Norge bidreg med store summar til program og finansieringsmekanismar knytte til EU og EØS, er det sjølvsagt eit mål at det norske samfunnet skal få mest mogleg tilbake.
VNB bidreg til dette, på vegner av den vest-norske regionen. Det handlar om finansiering, der EU-midlar kan bidra til å realisere viktig forsking, nærings- og teknologiutvikling på Vestlandet. Og om kompetanse og inspirasjon, som blir regionen til del gjennom internasjonalt samarbeid og utveksling.
Vi gir medlemmene informasjon om ulike finansierings- og samarbeidsmoglegheiter, og råd i prosessen med å få prosjekt til regionen.
Partnerskap
Norske aktørar som vil søkje på EU- og EØS-prosjekt treng partnarar frå andre europeiske land. Det gjeld å finne kommunar, regionar, universitet eller verksemder som har liknande visjonar, og aktørar med kompetanse som utfyller kvarandre.
VNB bidreg med å finne slike partnarar, og med å formidle ønskje om partnerskap frå institusjonar i andre land til medlemmene våre.