Aukra kommune
Energi og verdiskaping ved kysten.
Aukra kommune ligg i Romsdal og er ein kystkommune med om lag 3 700 innbyggjarar. Kommunen har eit variert næringsliv innan energi, maritim verksemd, fiske, landbruk og industri, og er særleg kjend som vertskapskommune for gassanlegget på Nyhamna.
Nyhamna er eit av dei viktigaste gassanlegga i Noreg og spelar ei sentral rolle i energiforsyninga til Europa. Saman med eit aktivt lokalt næringsliv gjer dette Aukra til ein viktig kommune for verdiskaping og berekraftig utvikling.
Gjennom medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor styrkjer Aukra kommune koplinga til Europa og får tilgang til innsikt, nettverk og moglegheiter for internasjonalt samarbeid som støttar lokal og regional utvikling.
Les meir på www.aukra.kommune.no.