Innsikt
VNB følger utviklinga i EU og informerer om moglegheiter og utfordringar for Vestlandet.
Noreg har eit tett samarbeid med EU gjennom EØS-avtalen og ei lang rekkje andre avtalar. Dette samarbeidet påverkar lokalsamfunn og institusjonar i Vest-Norge. Avgjerder som blir tekne i EU får verknader for oss – både i form av nye moglegheiter og nye utfordringar. Difor er det viktig å bli merksam på dei så tidleg som mogleg.
VNB er auge og øyre for regionen i EU, med mål om å få relevant informasjon heim i tide. Slik bidreg vi til at beslutningstakarar på Vestlandet er oppdaterte og godt førebudde. VNB gir innsikt gjennom nyhendebrev, fagnotat og webinar, i tillegg til kurs, førelesingar og arrangement.
Europabrevet er det månadlege nyhendebrevet frå VNB. Her får du analysar og oppdateringar om dei viktigaste prosessane i EU, med særleg vekt på det som har relevans for Vestlandet. Du får òg nyhende frå VNB-nettverket og oversikt over europeisk samarbeid i regionen.
Gjennom Europabrevet får du dessutan informasjon om VNB sine arrangement og kurs.
Alle kan abonnere på Europabrevet, sjølv om enkelte artiklar kun vil vere tilgjengelege for brukarar som er tilknytta VNB sine medlemsorganisasjonar.
VNB publiserer jamleg fagnotat om EU- og EØS-relaterte tema som er særleg relevante for Vest-Norge. Det kan vere analysar av avgjerder tekne i Brussel, oppdateringar om politiske prosessar i EU eller praktiske gjennomgangar av program og søknadsmoglegheiter som kan vere viktige for VNB sine medlemmar.
Notatserien til VNB er berre tilgjengeleg for deg som er tilknytt ein av VNB sine medlemsinstitusjonar, til dømes som tilsett eller folkevald.
VNB Direkte er det månadlege webinaret for VNB sine medlemar. Her innleier VNB sine tilsette eller eksterne fagpersonar om aktuelle tema, og det blir høve til diskusjon og spørsmål.
VNB Direkte tek opp både politiske saker og viktige avgjerder som er på veg inn i EU-systemet, samt meir praktiske tema som gjeld medlemane sine moglegheiter for å søke finansiering og partneaskap i Europa.
VNB Direkte er berre tilgjengeleg for deg som er tilknytt ein av VNB sine medlemsinstitusjonar, til dømes som tilsett eller folkevald.
Er du tilknytt eit VNB-medlem og lurer på korleis du får tilgang? Kontakt oss på post@west-norway.no.