VNB sitt høyringsinnspel til EU-programma

I november inviterte Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet til innspelsrunde til norsk deltaking i Det europeiske konkurranseevnefondet (EKF) og Horisont Europa (HEU) frå 2028. Vest-Norges Brusselkontor (VNB) utarbeida eit innspel på vegne av medlemane saman med representantane i ressursgruppa til VNB.

Innspel frå VNB

VNB støttar tilrådinga frå Forskingsrådet om full norsk deltaking i både EKF og HEU. Programma er strategisk viktige verkemiddel for utvikling i kommunal og fylkeskommunal sektor samt UH-sektoren, og er sentrale for å møte dei store samfunnsutfordringane Noreg og norske regionar står i. Deltakinga gir i tillegg stor meirverdi gjennom kompetanse, nettverk og gjennomføringsevne som ikkje kan bli målt i kroner åleine.

EKF og HEU gir tilgang til ein heilskapleg verkemiddelportefølje som styrkar europeisk og norsk konkurransekraft i alle ledd; frå forsking og innovasjon til oppskalering og marknadsopptak. VNB støttar forslaget om å samle fleire program under ein paraply i EKF. Samordninga bør gi betre harmonisering og standardisering av reglar og prosedyrar, slik at byråkratiet blir redusert og programma blir lettare å forstå og delta i. Det er òg viktig å etablere raske, koordinerte finansieringsordningar som sikrar ein saumlaus overgang mellom HEU og EKF. Målet må vere å unngå unødvendig byråkrati og ventetid for dei mest lovande prosjekta.

I tillegg er det lagt opp til tydelege synergiar mellom EKF og HEU, og det er føreslått ein felles prosjekttype kalla Moonshots.Dersom Noreg til dømes skulle stå utanfor EKF, kan det i ytste konsekvens resultere i at norske aktørar ikkje får tilgang til alle midlar i HEU grunna den tette koplinga til EKF og at norske prosjektpartnarar blir mindre attraktive. Det er derfor viktig med tilgang til begge programma.

EKF og HEU gir regionen vår moglegheiter til å samskape med leiande forskingsmiljø, næringsliv samt andre regionar og offentlege aktørar i Europa. Ein ser at fleire utlysingar no krev deltaking frå kommunar og fylkeskommunar, og forventar at desse krava held fram også i neste programperiode. Erfaringa til våre medlemar er at deltaking frå offentleg sektor styrkar relevansen av prosjekta og sikrar at prosjektresultat blir både formidla og implementert på gode måtar. Det er svært viktig at både EKF og neste HEU held fram med ei innretning som vektlegg samskaping for å løyse komplekse samfunnsutfordringar. VNB meiner at søyle 2 i HEU er avgjerande for å nå EU sine mål om konkurransekraft, innovasjon og samfunnsutvikling. Derfor er det viktig at denne søyla blir styrka ytterlegare og utover det som er skissert i Europakommisjonen sitt forslag.

Våre medlemsorganisasjonar opplever i dag eit innskrenka økonomisk og politisk handlingsrom og færre ressursar til utvikling. EU-programma fyller slik eit tomrom som nasjonale ordningar ikkje dekker godt nok. Gjennom Horisont Europa får vi tilgang til:

  • større fagmiljø og kompetansenettverk
  • utviklingskraft som vi ikkje kan finansiere med lokale, regionale eller nasjonale midlar
  • metodeutvikling, digitalisering og god praksis som kan bli oppskalert for heile regionen

Desse er verdifulle tilgangar som er heilt nødvendige for å gjennomføre langsiktig omstilling i tråd med kommunale og fylkeskommunale målsettingar. Samtidig er det viktig at deltaking i HEU og EKF ikkje går på kostnad av nasjonale og regionale verkemidlar. Eit godt døme er FORREGION, som har vore eit særs viktig verkemiddel i det regionale innovasjonssystemet og som er eit springbrett for deltaking i EU-program. Denne typen verkemiddel bør komplementere deltakinga i dei EU-finansierte programma.

Medlemane våre har no gode erfaringar med å bidra til prosjekt i det inneverande Horisont Europa-programmet. Ein har særleg erfaring med:

  • brei brukartesting gjennom europeiske nettverk
  • kunnskap om lokale og regionale forhold
  • samanheng mellom teknologiutvikling, mottakarkapasitet og politikkutforming

Dette er oppgåver som offentlege aktørar har gode føresetnader for å levere og som gjer dei til attraktive prosjektpartnarar.

Vest-Norges Brusselkontor tilrår at Noreg deltar fullt ut i det nye Horisont Europa-programmet og Det europeiske konkurranseevnefondet. Programma er eit viktig verktøy for omstilling, verdiskaping, berekraft og samfunnsutvikling i norske regionar, og særleg i vår region der vi står i store klima-, kompetanse- og næringsutfordringar.

Vi takkar for høvet til å gi innspel og stiller gjerne til vidare dialog.

Brussel, 01.12.2025.

Anna Lygre Solvang
Konstituert direktør, Vest-Norges Brusselkontor’

____________________________________________________________

Tusen takk til VNBs ressursgruppe for godt samarbeid om innspelet:
Olav Fransson Drangeid, Ingrid Hansgaard Gjelsvik (Møre og Romsdal fylkeskommune), Einar Stokka (HVL), Kristoffer Hammer (Vestland fylkeskommune), Camilla Stavnes Hisdal (Bergen kommune) og Marianne Furheim (Øygarden kommune).