VNB og HVL underteikna hospitantavtale
Høgskulen på Vestlandet etablerer ein hospiteringsordning ved Vest Norges Brusselkontor. Målet er å auke HVL sin kompetanse og kapasitet inn mot EU.
© Denne artikkelen er skiven av Alexandra Reksten Tufteland og vart først publisert på HVL si nettside. Artikkelen er publisert her med løyve frå forfattaren.
Stadig fleire utlysingar av midlar til forsking, innovasjon og utdanning skjer gjennom EU-systemet. For å auke Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin kompetanse og kapasitet inn mot prosessar og ordningar i EU, blir det no etablert ein hospiteringsordning for tilsette ved HVL ved Vest Norges Brusselkontor.
– Det er stor aktivitet ved Brussel-kontora om dagen, og det er viktig at HVL styrkar sin posisjon og vår moglegheit til å påverke og få fleire EU-midlar. Eg ser fram til eit endå tettare samarbeid, seier prorektor for nyskaping og regional utvikling Øyvind Midtbø Berge.
Berge viser til Draghi- rapporten, som såg på korleis Europa kan styrke sin globale posisjon i møte med auka konkurransekraft og eit endra verdsbilete. Verkemiddel for å følgje opp denne rapporten blir no diskutert i EU. Det same gjeld endringar i Horisont Europa-programmet og etablering av «Union of skills» , ein plan for å styrke kompetanse, utdanning og livslang læring i Europa. Særleg er det behov for auka kompetanse innan teknologi og realfag.
– Eg håpar hospiteringsordninga vil føre til at Brusselkontoret har enda større merksemd på høgare utdanning, forsking og innovasjon i åra som kjem. God tilgang til riktig kompetanse er viktig for Vestlandet, Noreg og Europa, seier Berge.
Samarbeid regionalt og i EU
Audun Lysbakken blei nyleg tilsett som ny direktør ved Vest Norges Brusselkontor. Han starta i jobben 1. januar 2026, og denne veka var han på besøk på HVL i samband med signeringa av avtalen. Lysbakken fortel at ein av tinga som motiverte han til å gå inn i denne jobben, er at høgskulen satsar så tungt på kontoret.
– HVL er ein motor i regional utvikling på Vestlandet og har eit sterkt engasjement for både å bruke dei moglegheitene som finst i europeisk samarbeid, og for at vi saman skal møte dei utfordringane som kan komme i dei ganske dramatiske tidene vi lever i. Eg ser veldig fram til å få jobbe for og med HVL, seier Lysbakken.
Medan fleire utdanningsinstitusjonar har etablert eigne kontor i Brussel, har HVL valt å vere medlem av to eksisterande regionale kontor, Vest-Norges Brusselkontor og Stavangerregionens Europakontor.
– Vi samarbeider tett med kommunane på Vestlandet til dagleg, og då er det naturleg for oss å også dele kontor og samarbeide med dei om felles interesser i EU, seier Berge.
– At vi er meir til stade på regionkontoret vårt i Brussel vil både utvide HVL sitt nettverk i EU og regionalt. Det vil bygge opp under samfunnsoppdrag vårt om å utvikle Vestlandet og bidra til den kunnskapen og kompetansen som trengs i regionen framover, seier han.
Brei EU-kompetanse i organisasjonen
Alle faste tilsette ved HVL vil kunne søke om å hospitere, både vitskaplege og administrative. Første utlysing vil vere i løpet av januar/februar 2026, med opphald hausten 2026. Opphaldet skal normalt vere på 3 månader.
Tematikken for hospiteringa vil rette seg mot eit av dei tre områda:
1) forsking
2) utdanning og nyskaping
3) regional utvikling
– Ei roterande ordning, både når det folk og tematikk, vil gi oss EU-kompetanse i større delar av organisasjonen, enn det som hadde vore tilfelle om vi hadde tilsette ein person ved kontoret, seier Berge.
Lysbakken håper at det er mange tilsette ved HVL som ønsker å nytte seg av hospiteringsordninga.
– Eg trur den kjem til å bli ein viktig ressurs både for HVL og for kontoret. Eg gler meg veldig til å ta imot den første som kjem, seier han.
Auge og øyre i Brussel
Vest-Norges Brusselkontor har i dag 18 medlemar. 14 kommunar, Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommune, samt HVL og Havforskningsinstuttet. Kontoret skal jobbe for å styrke Vest-Noreg sine interesser i Europa, og har ofte besøk av politikarar, interesseorganisasjonar og bedrifter frå Vestlandet.
– Vi skal sørge for at HVL og dei andre medlemane saman kan dra nytte av dei moglegheitene som er for finansiering i EU, for å finne partnarar i Europa og for å delta i fagleg utvikling på europeisk nivå, seier Lysbakken.
– Så skal vi òg vere auge og øyre for regionen vår i ei tid der dei internasjonale endringane er veldig store og vil påverke oss. Kontoret vil forhåpentlegvis bidra til at både høgskulen, avgjerdstakarar og politikarar i vår del av landet er godt førebudde på dei endringane som er undervegs, avsluttar han.

Foto: HVL/Mauricio Pavez
Foto: HVL
HVL
VNB
Jeppe Aagaard Jeppesen/HVL
Mauricio Pavez, MedielabHVL
Foto: Mauricio Pavez
HVL
Copyright European Union, 2025