VNB-medlemar i front på Erasmus+
Korleis brukar kommunar og fylkeskommunar Erasmus+ som del av sitt strategiske utviklingsarbeid? Det har ein ny rapport frå Samfunnsøkonomisk Analyse undersøkt.
Vår region har markert seg innan Erasmus+ i mange år. Difor er det veldig stas at fleire av våre medlemar er brukt som dømer i heile fire av fem caser i rapporten: Alver kommune, Stranda kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Vestland fylkeskommune.
Rapporten er utarbeida på vegner av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Den viser at mange kommunar og fylkeskommunar opplever at deltaking i Erasmus+ gir både fagleg og organisatorisk gevinst. Eit hovudfunn er at Erasmus+ i aukande grad blir brukt som eit verkemiddel for å utvikle kvaliteten i tenestene, styrke kompetansen til tilsette og møte lokale og regionale samfunnsutfordringar. Kommunar og fylkeskommunar rapporterer at prosjekta gir ny kunnskap, nye arbeidsmåtar og tilgang til internasjonale nettverk som elles ville vore vanskelege å etablere.
Integrering av arbeidsinnvandrarar i Stranda
Stranda kommune har brukt Erasmus+ som del av eit større arbeid med inkludering og integrering av arbeidsinnvandrarar, som utgjer 14 % av innbyggjarane. Gjennom samarbeid med mellom anna Litauen har kommunen henta erfaringar frå skule-, barnehage- og oppvekstsektoren, samstundes som dei har bygd kunnskap om bakgrunnen til mange av innbyggjarane med innvandrarbakgrunn.
Målet har vore betre integrering og auka deltaking i lokalsamfunnet. Kommunen opplever at borna til arbeidsinnvandrarane frå Litauen har blitt betre integrert i lokalsamfunnet på bakgrunn av aktivitetar i Erasmus+. I tillegg har barne- og omsorgstenesta blitt betre skodd for å støtte denne gruppa på grunn av auka forståing av målgruppa etter læringsopphald i Litauen.
I rapporten blir Stranda løfta fram som eit døme på ein kommune som har integrert internasjonalt arbeid i den strategiske utviklinga av kommunen, og der Erasmus+ er eit verktøy for å utvikle tenester og møte lokale behov.
Alver byggjer bru mellom skule og arbeidsliv
I Alver kommune har Erasmus+ vore brukt til å styrke samarbeidet mellom skule og lokalt næringsliv. Eit sentralt mål har vore å sikre at utdanningstilbod og kompetanseutvikling samsvarer betre med behova i arbeidslivet.
Kommunen leiar Erasmus+-prosjektet «Shift Skills», der målet er å kople næringslivet sine kompetansebehov tettare til utdanningstilboda i vidaregåande skule. Vestland fylkeskommune er også med i prosjektet, i tillegg til partnarar frå Nederland og Tyskland. Kjernen i prosjektet er å førebu elevar innan fag- og yrkesopplæring på møtet med arbeidslivet når dei skal ut i praksis og seinare læretid. Erfaringa er at overgangen frå skule til arbeidsliv kan vere krevjande, og at manglande kjennskap til arbeidslivet kan føre til at elevar mistar motivasjonen eller fell frå utdanninga. Gjennom samarbeid med Nederland og Tyskland, utviklar Alver metodar og verktøy som skal gjere overgangen lettare. Prosjektet handlar også om å synleggjere moglegheitene som finst i det lokale næringslivet.
Eit konkret resultat av Shift Skills er eit gratis kompetanseprogram der andre kan dra nytte av erfaringane til prosjektet. Det blir lansert på eit webinar 25. juni klokka 9 og er opent for alle. VNB-direktør Audun Lysbakken skal leie panelsamtalen, og du kan melde deg på her.
Fylkeskommunane har ei viktig mobiliseringsrolle
Fylkeskommunane spelar ei viktig rolle i det strategiske Erasmus+-arbeidet. Både Vestland og Møre og Romsdal har over mange år arbeidd systematisk med å forankre internasjonalt samarbeid i utviklinga av opplæringstilbod og kompetansearbeid.
Vestland fylkeskommune har Erasmus+ akkreditering for fag- og yrkesopplæring samt vaksnes læring. Fylkeskommunen brukar Erasmus+ aktivt i sitt strategiutviklingsarbeid, og mobiliserer kommunar, verksemder, kultursektoren, skular og frivillig sektor til å ta i bruk Erasmus+.
Vestland leiar også eit Erasmus+ hydrogenprosjekt under såkalla «Centres of Vocational Excellence (CoVEs)», der Høgskulen på Vestlandet er regional koordinator. Hydrogenprosjekt H2CoVE skal bidra til å byggje den kompetansen som er nødvendig for å utvikle ein hydrogenøkonomi i Vestland. Prosjektet har fått om lag 45 millionar kroner og Vest-Norges Brusselkontor bidrog med kvalitetssikring av søknaden.
Møre og Romsdal fylkeskommune har dei siste åra markert seg som ein av dei mest aktive Erasmus+-aktørane i landet. I 2025 fekk fylkeskommunen ei rekordtildeling på nær 20 millionar kroner til vidaregåande opplæring, og var den største mottakaren av Erasmus+-midlar innan fag- og yrkesopplæring (VET) i Noreg. Fylkeskommunen er akkreditert innan alle tre fagområder – skule, fag- og yrkesopplæring samt vaksnes læring. Fylkeskommunen deltar også i ein Erasmus+ innovasjonsallianse, kalla LeaderSHIP. Prosjekter ser på korleis ulike utdanningsleverandørar kan bidra til å sikre kompetansebehovet i den maritime næringa. Maritim Foreining Søre Sunnmøre (MAFOSS) er ein aktiv partnar i prosjekt og sikrar god regional forankring.
Kom i gong med Erasmus+ i din kommune
Europeiske program som Erasmus+ er viktige verktøy for å utvikle betre tenester, styrke lokalsamfunn og finne løysingar på utfordringar som regionen vår står i.
Vest-Norges Brusselkontor (VNB) har gjennom fleire år bidrege til utvikling av Erasmus+-prosjekt i regionen, mellom anna gjennom støtte i søknadsprosessar, partnarsøk og rettleiing.
VNB samarbeider med medlemsfylka for å mobilisere fleire kommunar til å ta i bruk Erasmus+. Som ein del av dette arbeidet inviterer vi medlemskommunane til Erasmus+-webinar 5. juni. Her får deltakarane innblikk i moglegheitene programmet gir, og høve til å lære av erfaringane til kommunar og fylkeskommunar som allereie har oppnådd gode resultat gjennom europeisk samarbeid. Medlemar som ikkje har høve til å delta på møtet kan ta kontakt med VNB for å få tilsendt opptak i etterkant.
Vi oppmodar også til å ta kontakt om du ynskjer meir informasjon eller har ein prosjektidé du vil diskutere med oss.





Kristin Lundblad
Mauricio Pavez, MedielabHVL
Statsministerens kontor

Foto: Tingh/Møre og Romsdal fylkeskommune