Vinnarane av EU sin pris for kulturarv

Dei 27 vinnarane av EU sin kulturarvpris (Europa Nostra Awards) i 2011 vart kunngjort 7. april av Europakommisjonen og Europa Nostra. Prisane vert utdelt 10. juni på Concertgebouw i Amsterdam der m.a. kommissæren for utdanning, kultur, fleirspråklegheit og ungdom, Androulla Vassiliou, og den verdskjende tenoren og leiaren for Europa Nostra, Plácido Domingo, vil vere til stades. På seremonien i Amsterdam vil seks av dei 27 vinnarprosjekta bli utnemnt som ”grand-prix”-vinnarar for dei beste kulturarvprosjekta i 2011. Prisutdelinga er ein del av Europa Nostra sin årlege konferanse.

I samband med kunngjeringa sa kommissær Vassiliou at: ”-Kvar av vinnarane representerar dei beste resultata i Europa innan konservering, forsking og utdanning samt at særskilt engasjerte grupper og enkeltpersonar vil bli verdsett. Kulturarv er ein viktig del av vårt kulturmangfald og felles historie, og fører vår fortid, notid og framtid saman. Kulturarven har gjort Europa til den fremste turistdestinasjonen i verda, og bidreg sterkt til økonomien i EU.”

“Utan felles innsats frå profesjonelle og frivillige, og utan at ungdommen vert involvert, har ikkje europeisk kulturarv noko framtid. Desse prisane feirar deira engasjement og omsut for å ta vare på det vakre og sjelfulle ved Europa,” la Plácido Domingo til.

Dei 27 vinnarane vart plukka ut blant nesten 140 innleverte prosjekt i til saman 31 land. Det endelege valet vart gjort av ein jury sett saman av uavhengige ekspertar frå ulike delar av Europa. Dei seks ”grand prix”-vinnarane mottek 10 000 euro kvar samt ein plakett for vinnarbygningane eller eit trofé til vinnarprosjekta.

Kulturarv fører til ein betydeleg (og ofte undervurdert) vekst og mange arbeidsplassar. Sektoren representerar ein viktig del av kulturelle og kreative næringar som sysselset 8,5 millionar menneske i EU og utgjer 4,5 % av BNP i Europa. Ein anslår at private og offentlege organisasjonar brukar nærare 5 milliardar euro i året på konservering. Tal publisert av OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) syner at 40 % av internasjonal turisme i verda har eit kulturelt tilsnitt. Kulturarv er òg ein nøkkelressurs for berekraftig utvikling og sosialt samhøyr.

Prisane vert støtta av EU sitt kulturprogram som har investert 26 millionar euro i delfinansiering av kulturarvprosjekt sidan 2007. Andre EU-finansierte program bidreg òg med støtte på dette området: det europeiske regionale utviklingsfondet (ERDF) har løyvt tre milliardar euro til bevaring av kulturarv, 2,2 milliardar euro til utvikling av kulturell infrastruktur, og 775 millionar euro til kulturtenester for 2007-2013, samt at 89 millionar euro har vorte løyvt gjennom EU sitt råmeverkprogram for forsking og teknologisk utvikling sidan 1998.

Du kan sjå ei komplett liste over alle vinnarane her.

Fristen for å levere inn forslag på prosjekt til neste års prisar er 1. oktober 2011. Neste år vil prisutdelinga vere i Lisboa.

Europa Nostra talar kulturarven si sak i Europa. Europa Nostra representerar 250 NGO-ar, 150 tilslutta organisasjonar og 1500 individuelle medlemmar frå meir enn 50 land som er opptekne av å ta vare på kulturarv og kulturlandskap i Europa.

Europa Nostra tilbyr eit stort nettverk, heidrar dei beste kulturarvprosjekta, arbeidar for kulturvern, berekraftig politikk og høge standardar innan kulturarv.

Plácido Domingo vart utnemnt til president i Europa Nostra i juni 2010 av generalforsamlinga for hans arbeid på dette området.