Vaksdal kommune har blitt medlem i VNB
Vi ønskjer Vaksdal kommune velkommen i VNB-nettverket. Vaksdal ligg sentralt mellom Bergen og Voss. Kommunen har om lag 3900 innbyggarar og omfattar bygdene Dale, Vaksdal, Stanghelle, Bergsdalen, Stamnes, Eidslandet og Eksingedalen.
Vaksdal har sterke industri- og handverkstradisjonar, med hjørnesteinsbedrifter som Dale of Norway, Felleskjøpet og Norgesmøllene. Kraftproduksjon har vore viktig for utviklinga av lokalsamfunna gjennom fleire generasjonar. Kommunen har eit aktivt kulturliv, eit sterkt frivillig engasjement og gode oppvekstvilkår for barn og unge.
Utviklinga i Europa får stadig større betydning for norske kommunar, både gjennom EØS-regelverk, finansieringsordningar og utvikling innan energi, klima, beredskap og samfunnsutvikling. For ein mindre kommune kan tilgang til nettverk, kompetanse og samarbeid vere viktig, og difor er dette eit godt tidspunkt for oss å bli medlem i Vest-Norges Brusselkontor (VNB). Me ser fram til å kopla oss tettare på og få ta del i og gjera oss nytte av nettverket og kompetansen som VNB har.
– ordførar Hege Eide Vik
Fjordar, fjell og vassdrag gir gode moglegheiter for friluftsliv og opplevingar året rundt. Nærleiken til Bergen gjer kommunen attraktiv for mange som ønsker nærleik til både by og natur. Vaksdal kommune er òg sentral i Fellesprosjektet Arna–Stanghelle, ei omfattande utbygging av ny E16 og ny jernbane langs hovudtransportåra mellom Bergen og Oslo.
Direktør Audun Lysbakken seier det er ei stor glede å ta imot Vaksdal og Ullensvang som dei nyaste kommunane i VNB-fellesskapet.
Vi skal bidra til at kommunene er godt forberedt på politiske endringer på europeisk plan som får konsekvenser lokalt, for eksempel innenfor energi, næring og industri. Og vi håper å bidra til at kommunene våre kan få flere muligheter til å hente finansiering og partnere gjennom EU-programmer eller EØS-midler.

Stanghelle Stasjon


Foto: Karl August Swanstrøm
Foto: Skarv Studio