Ulstein har blitt medlem i Vest-Norges Brusselkontor (VNB)

Vi ynskjer Ulstein velkommen som VNB-medlem! Ulstein er ein viktig industrikommune med eit internasjonalt retta næringsliv. Den maritime næringa er ryggrada i Ulstein-samfunnet, med skipsdesign, verft og leverandørindustri som sentrale drivkrefter. «For Ulstein er det avgjerande å vere tett på det som skjer i EU og Brussel. Mykje av politikken som formar rammevilkåra for næringslivet vårt blir utvikla der, og då må vi også vere til stades», seier ordførar Stian Skorgen Scheide om innmeldinga i VNB.

Ulstein kommune ligg på Sunnmøre, midt i ei av verdas leiande maritime klynger. Her blir skip designa og bygde for ein global marknad, og løysingar frå Ulstein blir tekne i bruk på hav over heile verda. Med lange tradisjonar og framtidsretta innovasjon er Ulstein ein spydspiss i maritim utvikling, bygd på høg kompetanse og eit næringsliv med sterk internasjonal orientering.

Direktør Audun Lysbakken var nyleg på besøk i Ulstein og ser fram til å ha kommunen med i VNB-nettverket. «Det er ei stor glede å ta imot Ulstein kommune som nytt medlem i VNB. Ulstein er ein leiande industrikommune, der folk veit av eigen erfaring at det som skjer i verda rundt oss påverkar lokalsamfunna våre. Eg hadde eit inspirerande besøk hos ordføraren og på Green Yard Kleven tidlegare i vår. Vi i VNB gler oss til samarbeidet med Ulstein-samfunnet».

«Vi er ein del av ei sterk og eksport retta maritim klynge. Skal vi halde fram med å vere leiande, må vi ha tidleg innsikt i regelverk, satsingar og moglegheiter som kjem frå EU», seier ordføraren.

Gjennom medlemskap i VNB vil Ulstein kommune styrkje koplinga til Europa, få betre innsikt i utviklinga innan EU og EØS, og delta i samarbeid som skaper verdi for både innbyggjarar og næringsliv i regionen vår.

Dette er eit strategisk val. Vi ønskjer å vere ein aktiv og internasjonalt retta kommune som tek del i utviklinga, ikkje berre tilpassar oss ho.

Ordførar Stian Skorgen Scheide. Foto: Ulstein kommune

 

 

 

 

 

 

 

Ulstein er eit moderne lokalsamfunn med om lag 9 000 innbyggjarar, og korte avstandar til Ålesund og regionen gjer det lett å nyte både urbane og naturlege kvalitetar. Her går samarbeid på tvers av næringsliv, offentlege tenester og frivilligheit, og det er kort veg frå idé til handling.