Sogn Jord-og Hagebruksskule deltek i Erasmus+-prosjekt om pollineringsbirøkt
Sogn Jord-og Hagebruksskule deltek i utvikling av pollineringsbirøkt gjennom yrkesopplæringsprogrammet i Erasmus+.
Initiativet til prosjektet kom frå Sogn birøktarlag. Norges birøkterlag støtta ideen og tok på seg ansvar for prosjektutvikling. Jordbruksskulane i Vestland er med gjennom prosjektpartnar Sogn Jord- og Hagebruksskule.
Samfunnsverknaden av dei pollinerande insekta er svært stor. Pollinerande insekt blir rekna som dei viktigaste dyra på jordkloden. Kunnskapsnivået om tilrettelegging for pollinering må opp.
Bakgrunnen for prosjektet er at det ikkje eksisterer gode nok kvalitetsstandardar for pollineringstenester i ulike kulturar. Dermed er det heller ikkje gode opplæringstilbod. Initiativtakarane bak prosjektet ønska ei sertifiseringsordning og gode verktøy for å kople planteprodusentar og birøktarar. Ein sertifisert pollineringsbirøktar må også ha kunnskap om samspelet med dei ville pollinatorane.
Prosjektet «CerPol» skal leiast av Norges Birøkterlag. Det varer i 3 år frå hausten 2026 og har 4 faglege arbeidspakkar:
- Danmarks Biavlerforening leiar eit arbeid for å lage ein fagleg standard for innhaldet i pollineringstenester.
- Sveriges Lantbruksuniversitet leiar arbeidspakken om berekraftig biepollinering.
- Norges Birøkterlag tek ansvar for arbeidet med å utvikle nyttige verktøy for pollineringstenester.
- Sveriges Lantbruksuniversitet leiar arbeidet med å utvikle opplæringstilbod; eit introduksjonskurs og eit djupnekurs.
Djupnekurset skal gi status som sertifisert pollineringsbirøktar. Partnarar i deltakarlanda Noreg, Danmark og Sverige deltek i alle arbeidspakkane.
Partnarar i tillegg til dei tre nemnde er: Jordbruksskulane Sogn Jord- og Hagebruksskule, Jordbrugets Utdannelsessenter Århus og Stiernhööksgymnasiet, rådgjvingstenestene Norsk Landbruksrådgiving og danske VKST og eple- og jusprodusenten Kiviks Musteri i Skåne. I tillegg har dei avtale om medverknad frå m.a. Hardanger Fjordfrukt, Naturbruksskolenes foreining i Noreg og Sverige samt fleire planteprodusent-organisasjonar.
Partnarskapen under leiing av Norges Birøkterlag er tildelt 400.000 € til arbeidet.
Teksten er skriven av Lars Hustveit, leiar i Sogn Birøktarlag.
Foto: Norges Birøkterlag

Foto: Norges Birøkterlag
VNB