Skal finne mjølkevegen og andre kulturelle vegar frå Noreg til Europa

Mjølkevegen og andre kulturelle vegar og reiseruter frå Noreg til Europa blir no kartlagt av Hordaland fylkeskommune. Den spanske kunststudenten Ana Soriano har fått stipend frå EU sitt Erasmusprogram til å gjennomføre eit kartleggingsprosjekt som blir ferdig til 30. september.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Kulturelle reiseruter vert aktuelle tema i nye EU programmer som kjem i framtida. Difor har Vest-Norges sitt Brusselkontor formidla mykje informasjon om temaet, og difor har Kulturavdelinga teke initiativ til eit kartleggingsarbeide for moglege kulturelle reiseruter frå Vestlandet.

Det er tre kulturelle reiseruter vi skal kartlegge. Prinsesse Kristina av Tunsberg si reise til Spania i 1257, pilgrimsvegane frå Noreg til Santiago de Compostella i Spania, Roma og Jerusalem frå 1000-talet og fram til reformasjonen i 1536 og mjølkevegen frå Bergen gjennom Tyskland/Holland til Italia. Dette var reisa tørrfisken gjorde frå vikingtida. Og den blir kalla mjølkevegen av oss fordi tørrfisk vart opphavleg kokt i mjølk i Nord-Europa. På stadene langs reiseruta eller rettare sagt handelsrutene, vart det gjennom år hundra laga mange ulike tørrfiskoppskrifter. Alle var basert på mjølk og tilgjengelege lokale ingrediensar. Rundt Middelhavet brukte dei olivenolje. Mjølk er vår olivenolje i Nord-Europa, seier Ana Soriano.

Soriano har fått Erasmus-stipend frå EU og Universitetet i Granada til å gjennomføre prosjektet. Ho har studert kunsthistorie i fem år og skal avslutte masterstudiet når ho kjem heim til hausten. Eg er interessert i kultur og handelen mellom Noreg og Spania og ville lære meir om dette. Eg er imponert over alt eg har lært. Dessutan ønskte eg å komme til Bergen fordi eg har familie her, seier Soriano.

Eitt av prosjekta er å følgje reiseruta til Kristina av Tunsberg då ho i 1257 reiste med eit følgje på 200 personar frå Noreg til Spania for å gifte seg med prins Filipe, bror av kong Alfonso av Cartile. Kristina var dotter av Haakon Haakonson, som bygde Haakonshallen i Bergen. Ho er fødd i Bergen i 1234. Ho reiste med båt til England, vidare over til Normandie der kong Ludvig 9. av Frankrike venta og tok i mot ho. Det viser at ho var ei dame av høg byrd.

Det andre prosjektet går ut på å følgje pilegrimsvegane som vikingane starta med rundt 1000-talet til Santiago de Compostela i Spania. Der vart Jesus disippel Peter gravlagt, og norske pilegrimar reiste dit heilt fram til reformasjonen i 1536 gjorde slutt på det. Pilegrimane reiste og til Roma og Jerusalem. Men det var enklast å reise til Spania der dei nytta sjøvegen via England.

Det tredje prosjektet er handelsrutane for tørrfisken. Den kom frå Lofoten og vart skipa ut frå Bergen. Reiseruta gjekk gjennom Tyskland, seinare via Holland og til marknaden kring middelhavsregionen og særleg til Italia som er det viktigaste tørrfisklandet den dag i dag. Langs mjølkevegen finn vi mange ulike oppskrifter på tørrfisk. Spesielt i klostra hadde munkeordenane mange oppskrifter. Mange av desse har eg fått tak i. Dei blir tilgjengelege gjennom dette prosjektet.

Alle reiserutene skal bli tilgjengelege på nett. På Google Maps skal ein kunne følgje reiserutene, hente informasjon om personar, stader, kultur, oppskrifter etc. Alt skal vere ferdig til 30. september. Prosjektet blir gjennomført på kulturavdelinga i Hordaland fylkeskommune.