Reinare maritim transport.

På møtet i EØS-komiteen 1. april, diskuterte ein m.a. strategien for maritim transport, med utgangspunkt i kviteboka for transport som vart presentert 28. mars, og som Vest-Norges Brusselkontor òg skreiv om førre veke.

Pilotprosjektet ”Blue Belt ” der det er norske skip mellom dei over 200 skipa som deltek i prosjektet, arbeidar for mindre byråkrati og for at nærsjøtransport skal fungere på tilsvarande måte som anna transport avgrensa til den indre marknaden. I strategien vert det lagt opp til å starte ein verktykasse for å fremje berekraftig transport ved å skape naudsynte insentiv. Dette med bakgrunn i trongen for å redusere klimagassutsleppa (med minimum 40 % innan 2050) frå maritim transport og å utvikle miljøvenleg teknologi.

Også hamneutvikling står sentralt, og hamnene vil i framtida vere eit knutepunkt for nærskipsfart, jarnbane, innlandske vassvegar og vegtransport. Det vert ein grundig gjennomgang av hamnepolitikken, m.a. når det gjeld reglane for statsstøtte.

I møtet peikte Noreg òg på verdien av å sikre like vilkår globalt mot. internasjonal skipsfart basert på høge standardar for klimautslepp, miljø, sikkerheit og sosiale standardar.

Som formann i Østersjørådet ynskjer Noreg å bidra til å oppfylle dei strenge krava til svovelutslepp frå 2015 ved å få fram mogelegheitene LNG(Liquefied Natural Gas) gjev dersom ein utviklar naudsynt infrastruktur. Les meir her.