Nytt europeisk kulturarvmerke

I samband med eit møte for kulturministrane i EU 18. mai vart det avgjort at Europa skal få eit nytt kulturarvmerke. Merket skal delast ut til stader som har sterk symbolverdi for europeisk historie og arv, og kan vere av både naturleg, arkeologisk, urban eller industriell karakter, eit monument eller til og med under vassoverflata.

Merket er meint å bidra til økonomisk og berekraftig utvikling i regionane, særleg gjennom kulturbasert turisme. Merket byggjer på eit mellomstatleg initiativ lansert i 2006 der 68 stader i 18 medlemsland allereie har fått merket. For å betre kvaliteten og effektiviteten og sikre langvarig suksess har initiativet no vorte omforma til eit formelt tiltak i EU. Eit ekspertpanel vil no plukke ut maksimum ein stad frå kvart land som kan få merket basert på dei to stadane som landa får plukke ut annakvart år. dei første til å få merket vert plukka ut i 2013.

Ikkje alle er begeistra for den nye merkeordninga. Storbritannia har sagt at dei ikkje kjem til å nominere nokon kandidatar til å ta imot merket. Bakgrunnen for dette er at Storbritannia allereie har mange stader på UNESCO si verdsarvliste, og dei meinar at det ikkje er naudsynt med ei eiga europeisk ordning. Enkelte britiske EU-parlamentarikarar har m.a. uttala at det nye kulturarvmerket er ”eit dårleg forsøk på å tvinge fram ein felles europeisk identitet” og ”eit desperat forsøk på å skape ein syntetisk europeisk identitet”.

Det er sett av 650 000 Euro til å innføre den nye merkeordninga i perioden 1. januar 2012 til 31. desember 2013.