Nye reglar for tildeling av gratiskvotar

Europakommisjonen vedtok nyleg korleis tildeling av gratis utsleppskvotar til industrianlegg som er dekka av EU sitt kvotehandelsregime skal gå føre seg frå 2013. Sjølv om tildelinga hovudsakleg vil gå føre seg ved auksjon, kjem ein del gratiskvoter til å bli delt ut til industrien fram til 2020. Bakgrunnen for dette er ynskjet om å redusere kostnadane for anlegg innanfor sektorar som reknast for å vere utsett for stor konkurranse frå land utanfor EU. I vedtaket vart òg reglane medlemslanda skal bruke for å rekne ut talet på kvotar som skal delast ut gratis kvart år innanfor desse sektorane fastsette.

Nedgangen i gratis kvotar vil variere frå sektor til sektor. I dei fleste sektorane vil anlegga motta gratis kvotar som i gjennomsnitt dekkar opp til 70-80% av utslepp frå desse anlegga i perioden 2005-2008.

Anlegga kan erstatte nedgangen i gratis kvotar ved å minske utsleppa eller ved å kjøpe fleire kvotar som er spart opp i løpet av inneverande handelsperiode som vert avslutta i 2012, eller kompensere med internasjonal CO2-kreditt.

Vedtaket er eit resultat av omfattande høyringar med industrien inkludert alle relevante sektorsamanslutningar på EU-nivå som er direkte påverka av ETS-direktivet, samt andre interessentar som representantar for medlemslanda og ikkje-statlege organisasjonar. Høyringane vart innleia i byrjinga av 2009.

Forslaget til vedtaket vart godkjent i desember av eit kvalifisert fleirtal av medlemmane i utvalet for klimaendringar der alle EU-landa er representert. Forslaget vart deretter handsama Europarådet og Europaparlamentet før forslaget kunne bli vedteke formelt av Europakommisjonen.

Medlemslanda skal no samle inn dei naudsynte dataa frå kvart av anlegga. På grunnlag av desse dataa vil ein rekne ut ei førebels gratis tildeling per anlegg for kvart år fram til 2020. Fristen for å sende inn desse opplysningane er 30. september 2011. Europakommisjonen vil deretter kontrollere dei innsendte opplysningane før medlemslanda reknar ut den endelege tildelinga per anlegg. Dette vil mest sannsynleg skje i løpet av 2012.

Som eit tillegg til vedtaket har Kommisjonen sitt generaldirektorat for klima, i nært samarbeid med medlemslanda, utarbeidd rettleiande dokument som skal sikre lik gjennomføring av tildelingsreglane i EU-landa. Også ein standardmodell for datainnsamling er utarbeidd. Les meir her.