Naturmangfald – Ny strategi for å bremse den negative utviklinga

Europakommisjonen la nyleg fram ein ny strategi for å verne og betre naturmangfaldet i Europa det neste tiåret. Strategien omfattar seks mål som er retta mot hovudårsakene til nedgangen i naturmangfald, og som skal redusere dei største belastingane på naturen og økosystemfunksjonane i EU ved å forankre mål for naturmangfald i dei viktigaste sektorpolitikkane. Ein vil òg ta omsyn til globale aspekt for å sikre at EU bidreg til å hindre tap av naturmangfald i heile verda. Strategien er i tråd med dei løfta EU gav i Nagoya i Japan i fjor.

Naturmangfaldet i Europa er i krise og artar døyr ut i eit tempo ein ikkje har sett maken til tidlegare. Mange økosystem er i så dårleg stand at dei ikkje lenger klarar å levere mange av dei funksjonane vi er avhengige av, som t.d. rein luft og reint vatn, pollinering av avlingar og vern mot flaum. Dette fører til enorme sosiale og økonomiske tap for EU. Insektspollinering, som er kraftig på retur i Europa, kan ein t.d. anslå til ein økonomisk verdi på 15 millionar Euro i året i EU. Situasjonen ser ikkje lysare ut i eit globalt perspektiv.

Den nye strategien som no er vedteken omfattar seks prioriterte mål og medfølgjande tiltak som skal redusere truslane mot naturmangfaldet. Tiltaka går mellom anna ut på:

– Full implementering av eksisterande naturmangfaldslov og nettverket av naturreservat for å sikre omfattande forbetringar når det gjeld vernestatus for ulike naturtypar og artar.
– Gjenopprette og betre økosystem og økosystemfunksjonar så langt som råd, hovudsakleg ved bruk av grøn infrastruktur.
– Sikre eit berekraftig landbruk og skogbruk.
– Sikre fiskebestanden i EU.
– Motarbeide invaderande artar som i aukande grad fører til tap av naturmangfald i EU.
– Auke EU sitt bidrag til samordna globale tiltak for å hindre tap av naturmangfald.

Strategien er i tråd med to viktige løfter som EU sine leiarar gav i mars 2010, der dei lova å stoppe nedgangen i naturmangfald i EU fram mot 2020, samt å verne, verdsetje og gjenopprette naturmangfaldet i EU og økosystemfunksjonar fram mot 2050. Den er òg i tråd med dei globale løfta som vart gitt i Nagoya innanfor råmene av konvensjonen om biologisk mangfald, der verdsleiarane vedtok ein tiltakspakke for å hindre tap av naturmangfald over heile verda i det neste tiåret. Naturmangfaldsstrategien vil som ein del av Europa2020-strategien bidra til å nå EU sine mål for effektiv ressursutnytting.

I Europa lir naturmangfaldet hovudsakleg pga. endra arealbruk, forureining, rovdrift på ressursane, ukontrollert spreiing av invaderande artar og klimaendringar. Berre 17% av dei vurderte naturtypane har god vernestatus. Artane i verda forsvinn for tida opp til 1000 gonger raskare enn normalt, noko vi menneske har størsteparten av skulda for. I EU er ca. 25% av dei europeiske dyreartane inkludert pattedyr, padder, krypdyr, fuglar og sommarfuglar utryddingstrua, og 88% av fiskebestandane vert overfiska og er sterkt reduserte.

Finn meir informasjon her.