Ulstein kommune – der baug bryt båre
Ulstein kommune ligg på Sunnmøre, midt i ei av verdas leiande maritime klynger. Her blir skip designa og bygde for ein global marknad, og løysingar frå Ulstein blir tekne i bruk på hav over heile verda.
Med lange tradisjonar og framtidsretta innovasjon er Ulstein ein spydspiss i maritim utvikling, bygd på høg kompetanse og eit næringsliv med sterk internasjonal orientering.
Ulstein er eit moderne lokalsamfunn med om lag 9 000 innbyggjarar, og korte avstandar til Ålesund og regionen gjer det lett å nyte både urbane og naturlege kvalitetar. Her går samarbeid på tvers av næringsliv, offentlege tenester og frivilligheit, og det er kort veg frå idé til handling. Den maritime næringa er ryggrada i Ulstein-samfunnet, med skipsdesign, verft og leverandørindustri som sentrale drivkrefter. Samstundes har kommunen ei aktiv rolle som samskapar og samfunnsutviklar. I tett dialog med næringslivet fremjar Ulstein gode arena og vekst plattformer for både etablerte og nyetablerte bedrifter. Ulstein kommune skal spele på lag med samfunnet og næringslivet.
Slik vert det skapt berekraftige og framtidsretta løysingar som styrkjer lokalsamfunnet, regionen og nasjonen.
Ulstein er òg ein god stad å bu og leve. Her finn du eit aktivt kulturliv, gode oppvekstvilkår og kort veg til spektakulær natur med hav, fjell og friluftsliv. Lokalsamfunnet er prega av engasjement, dugnadsånd og fellesskap.
Gjennom medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor vil Ulstein kommune styrkje koplinga til Europa, få betre innsikt i utviklinga innan EU og EØS, og delta i samarbeid som skaper verdi for både innbyggjarar og næringsliv i regionen vår.
Les meir på www.ulstein.kommune.no
Bilder: Ulstein kommune














