Kvam herad deltek i europeisk demokratiseringsprosjekt

Ein delegasjon frå eining for samfunnsutvikling er tilbake frå ei lærerik og inspirerande veke i Barcelona, der Kvam herad har delteke i oppstarten av Erasmus+-prosjektet Y-IMPACT (Youth Influencing Meaningful Participation and Civic Transformation). 

© Denne artikkelen er skiven av Kristin Lundblad og vart først publisert på Kvam herad si nettside. Artikkelen er publisert her med løyve frå forfattaren.

Prosjektet handlar om korleis ungdom kan få større påverknad i lokalsamfunnet og delta meir aktivt i demokratiske prosessar.

Prosjektet har som mål å etablera det første ungdomsrådet for 13–18-åringar på Kypros, og skapa ein møteplass der unge kan samlast, drøfta saker som betyr noko for dei, og foreslå reelle tiltak for lokalsamfunnet sitt. Gjennom denne prosessen er målet at det vert utvikla ein ny demokratisk kultur bygd på deltaking, medverknad og inkludering.

Logoen til Y-impact prosjektet. Y'en ser ut som to hender i været, og så er det to snakkebobler oppå kvarandre i tillegg til teksten.

Logoen til Y-impact prosjektet.

Kvam har fått rolla som mentorkommune og skal støtta Parekklisia på Kypros i å etablera ungdomsrådet og styrkja unge si deltaking i lokalsamfunnet. Prosjektet blir koordinert av den spanske organisasjonen Estel, ein ideell aktør som arbeider med deltakarretta samfunnsplanlegging og sosial innovasjon. Organisasjonen har som mål å skapa inkluderande og berekraftige lokalsamfunn der innbyggjarane får reell påverknad, og har brei erfaring frå internasjonale prosjekt innan demokrati, inkludering og samfunnsutvikling.

Bilde av tre utsendte frå Kvam herad i Baercelona. Kveld, med byen i bakgrunna. - Klikk for stort bilete

Kari, Trond Inge og Kristin frå Kvam herad.

Frå Kvam deltek Trond Inge Brakestad, Kari Welzien Vik og Kristin Lundblad frå eining for samfunnsutvikling, i samarbeid med ungdomsrådet. Deltakinga er finansiert gjennom EU sitt Erasmus+-program, så dette kostar ikkje kommunen eigne midlar, men gir verdifull kunnskap og inspirasjon til vidare arbeid med unge, medverknad og samfunnsutvikling.

Prosjektet varer over to år, og av aktivitetar framover ser me spesielt fram til å ta imot unge og vaksne samarbeidspartnarar i Kvam i slutten av august neste år.