Kva er rett?

Blogg fra VNBs hospitant, Oddvar Flæte – Fylkesmann i Sogn og Fjordane

Korleis kan ein måle utviklinga i ein region eller eit fylke? Svaret er slett ikkje lett å finne, sjølv ikkje for dei som er opptekne av korleis det står til. Ulike indikatorar blir nytta, men desse kan gje resultat som ikkje stemmer med verkelegheita. EU klør seg i hovudet for å finne fram til metodar for å måle utviklinga når ulike geografiske område skal samanliknast. 

Så langt er det bruttonasjonalproduktet (BNP) som har vore mest nytta som indikator. BNP fortel at det har vore stor framgang i Irland, men fortel ikkje at framgangen er ujamnt fordelt.

Ei arbeidsgruppe i Regionalutvalet til EU peikar på at det bør takast omsyn til demografisk struktur, busetnadsmønster, arbeidsmarknad, servicetilbod, geografiske forhold, urbane og rurale forhold, naturlege og kulturelle forhold og klimamessige faktorar. Alle desse faktorane, blir det hevda, har påverknad på den økonomiske og sosiale utviklinga. Det bør derfor utviklast kriteria i ei korg som vektlegg alle desse faktorane. Og vi ville sikkert også lagt til folketalsutvikling.

Drøftinga endar ikkje i nokon konklusjon, meir eit sukk.

Vi kjenner korger i ulike samanhengar. Dei blir til dømes nytta når kommunane får midlar etter objektive kriteria. Likevel er det vanskeleg med visse å seie at løyvingane er rettvise. Det rettvise handlar om kva data du legg inn og korleis desse blir vektlagt i høve til kvarandre. Og det er subjektivt.

Det som skal vere rettvist, må ha eit utgangspunkt. I nokre tilfelle skjer det ved presise politiske føringar, andre gonger blir føringane så mange at det må utøvast skjønn. Det presise kan stundom blir for enkelt.

Geografisk nærleik er ein føremon. For den som gir løyvingane, ville det nok vore lettare og helt alt opp i ei korg. Så kunne dei objektive kriteriane køyre ut svara.

Men resultatet kunne lett bli at ein opplever å ha fått korga.