Køyrelys på alle nye bilar

Frå no av skal alle nye typar personbilar og små varebilar vere utstyrt med køyrelys. For lastebilar og bussar  gjeld dei same reglane først frå august 2012. Lysa kjem på automatisk når ein startar motoren, og skal auke trafikksikkerheita ved at det vert mykje lettare for andre trafikantar å sjå bilen. Lysa brukar og mykje mindre energi enn vanleg nærlys. I land der køyrelys allereie er påbudt har det hatt ein positiv effekt for trafikksikkerheita.

Visepresidenten i EU-kommisjonen, Antonio Tajani, som er ansvarleg for industri og entreprenørskap seier at: ”Køyrelys er ein viktig del av arbeidet med å få ned talet på ulukker på europeiske vegar. Det er òg meir miljøvenleg sida neit lågare energiforbruk vil redusere CO2-utsleppa smanlikna med dagens nærlys.”

I 2009 døydde 35 000 menneske på eusopeiske vegar. For kvart dødsfall, kan ein rundt rekna legge til at fire vil vere funksjonshemma resten av livet, samt ti alvorlege skadar og 40 mindre skadar. Tala er synkande som følgje av ulike tiltak som inkluderar ma. betre teknisk sikkerheit for køyrety, tryggare vegar og betre køyreopplæring.

Ferske forskingsrapportar som omhandlar køyrelys stadfestar at alle trafikantar, inkludert fotgjengarar, syklistar og motorsyklistar, lettare og raskare oppdagar bilar med køyrelys. Køyrelysa brukar berre 25 – 30 % av vanlege nærlys, og med LED-pærer vert energiforbruket redusert med ytterlegare 10 %.

EU-direktivet (2008/89/EC) vedrørande påbod om køyrelys som tredde i kraft 7. februar vil auke trafikksikkerheita på europeiske vegar. Direktivet samordnar nasjonale krav der det til no har vore stor variasjon mellom dei ulike medlemslanda når det gjeld køyrelys. 

Kilde: Europakommisjonen