Irland har tatt over formannskapet i EU
Med slagordet «Strength with unity» tar Irland over Kypros sitt formannskap i Rådet 1. juli. Programmet ber preg av global uro og press på den europeiske energimarknaden. Det byggjer på tre pilarar: konkurransekraft, tryggleik og europeiske verdiar. Målet er å styrke EU si evne til å møte ei meir usikker verd, samtidig som Unionen held fast ved grunnleggjande demokratiske verdiar.
Det var ikkje uventa at konkurransekraft og tryggleik hamna på toppen av agendaen, då dette i stor grad har styrt all politikkutforming i EU dei siste åra. Formannskapsprogrammet vil også i stor grad basere seg på ambisjonane i «One Europe, One Market», eit vegkart for den indre markanden fram mot 2028. I ein felleserklæring frå Kommisjonen, Rådet og Europaparlamentet, forpliktar EU seg til å gjennomføre ei rekke prosessar som skal verkeleggjere ein meir einskapleg indre marknad. Dette inneber mellom anna å få bukt med dei såkalla «terrible ten», altså dei ti viktigaste hindringane for å skape ein reel indre marknad. Ein av desse er manglande anerkjenning av utdanning og kompetanse på tvers av landegrensene. Du kan lese meir om vegkartet i analysen til VNB-direktør Audun Lysbakken: «Blikk fra Brussel: Finnes det et indre marked?».
Kva er formannskapet i Rådet?
Rådet for Den europeiske union har lovgivande makt saman med Europaparlamentet og består av ministrar frå alle medlemslanda. Formannskapet har ansvar for å leie møta og trygge kontinuitet i Rådet. Formannskapet har rotert mellom medlemsstatane kvar 6. månad sidan 1958, og dei 27 noverande medlemane får tildelt dette vervet kvart 13,5 år. Ordninga med triosamarbeid, også kalla troika, vart innført i 2009 i samband med Lisboa-traktaten. Trioen har ein felles agenda som legg grunnlag for arbeidet, men landa får også høve til å løfte fram sine eigne prioriteringar.
Irland er første land ut i den 18-månader lange formannskapstrioen saman med Litauen (første halvår 2027) og Hellas (andre halvår 2027).
Dette er 8. gong Irland har dette vervet. Det er derimot første formannskap der irsk er eit offisielt EU-språk. Irsk er eit språk som høyrer til den keltiske grena av den indoeuropeiske språkfamilien. Det er offisielt språk i Irland saman med engelsk, og irane kallar språket Gaeilge (gælisk). Irsk har hatt status som offisielt EU-språk sidan 2022. Det sikrar at innbyggjarane kan lese EU-lover og kommunisere direkte med institusjonane på sitt eige morsmål.
Programmet til det irske formannskapet byggjer på tre hovudprioriteringar:
1. Konkurransekraft: eit meir robust og framtidsretta Europa
Irland ønskjer å styrke konkurransekrafta til EU i møte med aukande global rivalisering, særleg frå USA og Kina. Formannskapet vil prioritere tiltak som gjer det enklare for europeiske verksemder å investere og innovere. Eit sentralt mål er å redusere administrative byrder og forenkle regelverk gjennom såkalla omnibus-pakkar, samtidig som ein ivaretar høge standardar innan miljø, arbeidsliv og forbrukarvern. Det er planlagt ein eigen forenklingspakke (omnibus) på miljøområdet. Den tar sikte på å forenkle regelverk innan sirkulærøkonomi, avfallshandtering, industriutslepp samt konsekvensutgreiingar av klima og miljø.
Formannskapet peikar på at rimelege bustader er ein viktig føresetnad for ein konkurransedyktig europeisk økonomi. Det irske formannskapet vil arbeide vidare med initiativa i den europeiske planen for rimelege bustader (Affordable Housing Plan), mellom anna «Affordable Housing Act» og «Construction Services Act».
Det blir også lagt stor vekt på energiomstilling, med investeringar i fornybar energi, straumnett og energitryggleik. Formannskapet tar sikte på å sluttføre EUs nettpakke (European Grids Package) og drive fram arbeidet med den komande «Energy Security Package».
2. Tryggleik: motstandskraft i ei uroleg tid
Den andre hovudprioriteringa handlar om å styrke EU si evne til å møte eit stadig meir komplekst trusselbilde. Irland legg vekt på at tryggleik i dag omfattar langt meir enn tradisjonelt forsvar, og inkluderer energi, cybertryggleik, kritisk infrastruktur og forsyningskjeder.
Formannskapet vil arbeide for betre vern av kritisk infrastruktur, mellom anna undersjøiske kablar, energisystem og digitale nettverk. Erfaringane frå krigen i Ukraina har synleggjort kor sårbar Europa kan vere når det kjem til energiforsyning, og Irland ønskjer å styrke EU si strategiske motstandskraft. Migrasjon og grenseforvaltning vil også vere viktige tema, saman med kampen mot organisert kriminalitet og hybride trugslar.
I ein artikkel i Politico blir det stilt spørsmål ved om Irland sjølv er førebudd på dagens trusselbilde. Ekspertar innan tryggleik peikar på at Irland er det medlemslandet som brukar minst på forsvar og har tradisjon for å vere militært nøytral. Som vertsland for ei rekke høgnivåmøter må irske styresmakter sikre desse mot alt frå cyberåtak til drone- og sabotasjeaksjonar. Ekspertane Politico har snakka med åtvarar mot at Irland kan blir sett på prøve og at landet kan bli eit mål for aktørar som ønskjer å undergrave både Dublin og EU.
Tre firedelar av undersjøiske kablar på den nordlege halvkula går nær eller gjennom irsk farvatn. Den irske marina har i dag åtte fartøy og har som mål å ha fire av dei tilgjengelege for operasjonar til ei kvar tid, gjennom ei rullerande ordning. Landet har ingen jagarfly. Irland har auka forsvarsbudsjettet sitt dette året og har lansert sin første strategi for maritim tryggleik. Landet har også oppdatert tryggingsavtalen med Storbritannia. Avtalen omfattar mellom anna samarbeid om vern mot dronar og maritim tryggleik.
3. Europeiske verdiar: demokrati og rettsstat
Formannskapet vil legge vekt på å verne og styrke demokrati, rettsstaten og grunnleggande rettar i heile Unionen. Særleg viktig er arbeidet mot desinformasjon, ekstern påverknad og trugslar mot demokratiske institusjonar. Irland ønskjer å fremje likestilling, inkludering og vern av sårbare grupper, og formannskapet er opptatt av at også neste Erasmus+-program må adressere desse gruppene. Barn og unge er også ei viktig prioritering, mellom anna gjennom initiativ som skal gi betre digital tryggleik og sterkare vern mot skadeleg innhald på nett.
Støtta til Ukraina blir framheva som eit spørsmål om både tryggleik og verdiar. Irland understrekar at EU må halde fram med å støtte Ukraina politisk, økonomisk og humanitært, og samtidig forsvare den regelbaserte internasjonale ordenen.
Eit anna sentralt tema er utviding av EU. Irland ser vidare utviding som eit strategisk verkemiddel for å fremje stabilitet, demokrati og økonomisk utvikling i Europa. Formannskapet vil arbeide for framgang i medlemskapsforhandlingane med fleire kandidatland, mellom anna Ukraina, Moldova og Albania.
Andre prioriteringar
EU-formannskapa skal sikre framgang i foreslåtte initiativ og legge til rette for einigheit blant medlemslanda. Nedanfor er ei utval av initiativ som det irske formannskapet vil prioritere:
- Revidering av EU sitt kvotehandelssystem (Emission Trading System, ETS). Her kan Irland ta ei nøytral rolle på vegne av medlemslanda, då dei ikkje er ein industrinasjon og i mindre grad blir påverka av utforminga av ETS-systemet.
- Revidering av karbontollen CBAM
- Oppnå semje mellom Rådet og Europaparlamentet om «One Europe, One Market Roadmap” innan slutten av året.
- Vidare implementering av “European Ocean Pact”, inkludert revidering av direktivet for maritim arealplanlegging og utvikling av marine verneområde.
- Jobbe for semje om felles forsvarsprosjekt blant medlemslanda (European Defence Projects of Common Interest)
- Arbeide for framgang i revideringa av direktivet for forsvarsanskaffing (Defence Procurement Directive)
- Føreslå Rådskonklusjonar om STEM-utdanning (naturvitskap og matematikk) for å fremje betre STEM-opplæring på alle nivå og innan alle typar utdanning og opplæring
- Føreslå Rådskonklusjonar om KI-kompetanse
- Legge til rette for dialog om venta politikkutvikling innan utdanning, opplæring og innovasjon. Dette omfattar mellom anna ei tiltakspakke for grunnleggjande ferdigheiter, framgang i arbeidet med å styrke digital kompetanse og utviklinga av fag- og yrkesopplæringa.
- Oppnå semje i Rådet om EU sin neste arbeidsplan for kultur i EU, som vil byggje på EU sitt nye kulturkompass. Den noverande kulturplanen går ut 31. desember 2026.
Tek-dilemma?
Irland sitt formannskapet kan få ein krevjande balansegang på teknologiområdet. Dei fleste av dei store amerikanske teknologiselskapa har sine europeiske hovudkontor i Dublin. Heile 16 av verdas 20 største tek-selskap er til stades i Irland, og desse står for over 100 000 arbeidsplassar. Dei står også for ein betydeleg del av skatteinntektene til den irske staten, og nesten 40% av selskapsskatten kjem frå to store selskap åleine. Det blir spekulert i at det er Apple og Microsoft.
Samtidig skal Irland no leie forhandlingar om fleire sentrale EU-regelverk innan digitalisering, teknologisk suverenitet og regulering av dei same selskapa. Den irske regjeringa understrekar at formannskapet skal opptre som ein nøytral meklar mellom medlemslanda, men fleire organisasjonar og politikarar peikar på at den tette koplinga mellom irsk økonomi og amerikansk big tech kan skape interessekonfliktar.
Den vanskelege balansegangen kan ifølge Politico komme til syne i arbeidet med å styrke europeisk konkurransekraft. Irland vil jobbe for å redusere unødvendig regelverk og legge til rette for innovasjon og investeringar, samtidig som EU held fram arbeidet med å handheve digitale regelverk og redusere avhengigheita av utanlandsk big-teck.
Langtidsbudsjett og nytt rammeverk for landbrukspolitikken
Ei anna utfordring for formannskapet blir truleg å sikre god framgang i forhandlingane om EU sitt neste langtidsbudsjett (Multiannual Financial Framework, MFF) for 2028-2034. Det er særleg forslaga om omstrukturering av landbrukspolitikken (CAP) og regionalpolitikken (cohesion policy) som vil bli vanskeleg i forhandlingane. Langtidsbudsjettet finansierer også alle EU-programma som t.d. Erasmus+ og Horisont Europa, og utfallet av forhandlingane vil difor også prege oss.
Arbeidet med eit nytt rammeverk for EU sin felles landbrukspolitikk (CAP) er ein av hovudprioriteringane til Irland. Formannskapet presiserer at fleksibilitet må vere ein sentral del av rammeverket slik at medlemslanda kan sikre at tiltaka er tilpassa regionale behov og sektorar. Det er også behov for å redusere administrative byder og legge til rette for «generasjonsskifte» (generrational renewal) i landbruket. Formannskapet skal vurdere korleis politiske rammeverk og tiltak kan oppfordre og leggja til rette for at fleire unge velger å gå inn i landbruks- og fiskerisektoren. Her vil det bli lagt særleg vekt på auka inkludering av unge kvinner, som del av «International Year of the Woman Farmer».
Det som blir særleg interessant å følge med på framover er ny lovgining på hav og sirkulærøkonomi samt revideringa av kvotehandelssystemet og forhandlingane om langtidsbudsjettet. Følg med på våre nettsider og nyheitsbrev for å halde deg oppdatert.
Les meir:
Irish Presidency of the Council of the European Union

Official logo Irish Presidency
Pool Moncloa/Diego del Monte y Jorge Villar
European Union 2026
Council of the European Union
Polish presidency 2025
© Belgian Presidency of the Council of the European Union / Vlad Vanderkelen
Carlos Costa / EC - Audiovisual Service
