Høgskulen i Volda har blitt med i VNB-nettverket
Høgskulen i Volda (HVO) har blitt medlem i Vest-Norges Brusselkontor (VNB) og blir den tredje høgskulen i nettverket vårt.
HVO blei etablert i 1994, då Møre og Romsdal distriktshøgskule og Volda lærarhøgskule slo seg saman til éin institusjon. Røtene som lærarutdanningsstad går likevel heilt tilbake til 1861, sjølve lærarskulen vart starta i 1895. I dag er HVO ein av dei største institusjonane for høgare utdanning mellom Bergen og Trondheim, med over 4000 studentar og 350 tilsette.
Vi er stolte av å få Høgskulen i Volda med på laget. Høgskulen er både tradisjonsrik og framtidsretta, leiande innan flere utdanningar og speler ei svært viktig rolle både regionalt og nasjonalt. Medlemskapet skal bidra til at Høgskulen i Volda får enno meir ut av europeisk samarbeid, og vi gler oss til samarbeidet.
– Audun Lysbakken, VNB-direktør
Høgskulen har sterke fagmiljø samla i Volda, og er nasjonalt kjende for studieteilboda inna media og journalistikk, og for lange og solide tradisjonar innan lærarutdanning. Med samfunnsvitskap og humaniora som basis tilbyr HVO praksisnære profesjonsutdanningar frå bachelor- til doktorgradsnivå, mellom anna gjennom det eigne ph.d.-programmet «Utdanning, språk og kultur» og ei fellesgrad i helse- og sosialfag saman med Høgskolen i Molde.
For Høgskulen i Volda er medlemskapet i Vest-Norges Brusselkontor først og fremst eit spørsmål om nettverk – både inn mot Europa og heime i regionen. Gjennom kontoret får fagmiljøa våre tilgang til europeiske samarbeidsmoglegheiter saman med med kommunar, fylke og næringsliv frå heile Vest-Noreg, noko som vil bidra til å styrke forskinga og utdanningane våre. Slik kan HVO både hente impulsar utanfrå og vere med på å løfte heile regionen ut i Europa
– Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim
HVO er kjend for praksisnære utdanningar, eit læringsmiljø der studentar og tilsette er tett på kvarandre, og eit særleg nasjonalt ansvar for nynorsk språk og skriftkultur. Høgskulen er ein viktig støttespelar for regionen og ein aktiv partnar i nasjonalt og internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid. Visjonen er danning og demokrati, og fram mot 2037 strekkjer HVO seg mot universitetsstatus – med berekraftig utvikling og rett kompetanse for regionen og samfunnet som mål.
HVO sin strategi for 2027–2037 finn du her.

Sivert Aarflot-huset er det nyaste huset på høgskuleområdet. Det vart tatt i bruk som eit topp moderne mediehus til semesterstart hausten 2021. Huset har fått sitt namn etter Sivert Aarflot (1759-1817) som var ein pioner for opplysning gjennom medieverksemd. Foto: Per Arne Brandal

Foto: Karl August Swanstrøm
European Union, 2026