EU-millionar til kulturprosjekt i vest.

Seks kulturprosjekt på vestlandet har fått godkjent søknad om støtte frå EU sitt kulturprogram i 2011. Kulturprosjekt i Hordaland får til saman tildelingar på 44,2 millionar kroner. I tillegg har Molde jazzfestival har fått ei tildeling på 1,6 millionar kroner.

Dei kulturelle aktørane i Hordaland som vil få tildelt prosjektmidlar er Stiftelsen Bergen Internasjonale Teater, Piksel produksjoner, Vestnorsk jazzsenter og Bergen National Academy of the Arts og Den nye opera. Dei to siste stikk av med heile 20 millionar kroner kvar.

Norske kulturaktørar har altså same mogelegheiter til å søkje støtte til kulturprosjekt som medlemslanda i EU. Kulturdepartementet har ansvar for den norske deltakinga i programmet, medan Norsk Kulturråd informerar og rettleiar norske kulturaktørar. Målet med kulturprogrammet er å fremje europeisk kulturutveksling, og prosjekta må difor vere tverrnasjonale. Alle kulturelle aktørar som utøver kulturell aktivitet på eit ikkje-kommersielt grunnlag kan delta.

Les meir her og her.