Green Week i Europa

Frå 24.-27. mai er det tid for den 11. utgåva av Green Week i Brussel og rundt omkring i Europa. Konferansen er den største årlege konferansen om europeisk miljøpolitikk, og temaet i år er ”Resource Efficiency – Using less, living better.”

Kva er ressurseffektivitet?

På dei meir enn 40 seminara på konferansen vil ein m.a. ta opp problemstillingar som ressursmangel, samt dei utfordringane og mogelegheitene som føl med redusert tilgang på ressursar. Strategiar som fremmar ei endring mot lågare karbonforbruk og meir effektiv utnytting av ressursar vil òg bli presentert på konferansen.

Green Week er ein unik arena for debattar og erfaringsutveksling. I løpet av det siste tiåret har konferansen etablert seg som eit arrangement ein ikkje kan gå glipp av dersom ein er oppteken av å ta vare på miljøet. Konferansen i 2010 hadde 3 400 deltakarar frå det offentlege, industri og verksemder, ikkje-statlege organisasjonar, akademia og media. Green Week er ope for alle ,og det er gratis å delta. Sjå programmet og meld deg på her.